2013 Langs vegen - kunsthandverkarar, kunstmålarar og ei Ballerina

Å gå eller springa rundt Esefjorden er også ei vandring langs ein veg der kunstnarar i mange og ulike sjangrar har budd, heile livet, året rundt, eller berre nokre sommarmånader. Her fanst det eit aktivt og stort handverksmiljø. I denne artikkelen kan vi berre glytta snøgt inn eit spennande emne. Det finst mange minne om vevande og strikkande kvinner som opererte på den kommersielle reiselivsmarknaden. Produkta deira måtte vera særs populære blant utanlandske turistar, ekte varer som det var og norsk handverk. Det sat skapande kvinner på mest kvart einaste bruk rundt fjorden, og salet av produkta kunne gå føre seg i heimane, eller ute på vegekanten, på eit bord. Kjærkomne ekstraskillingar singla inn i heimar. Maria Distad og Brita Bale i Munken vov inne og hadde salsutstillinga si på gjerde og husvegg, vendt mot Esefjordvegen, sameleis Johanna Lidal, Thea Fjærestad og Marta Lidal. Teppe på gjerde, altså.

Utsal tett som hagl

Rett under Engelsk-kyrkja sette Olina Balevik Raunehaug opp bord til utsal og hadde teppe på gjerdet. Oppe i Midtneshagen sat Brita Teigen med sine arbeid. Fleire dreiv stort, ei av desse var Anna Mundal (Sjur-Anna). Ho dreiv også vevskule, hadde eigne vevejenter, med stor produksjon. Jørgina Teigen leverte også til Sjur- Anna. Anna Mundal vov golvteppet ved altaret i Tjugum kyrkje. Brita Ese (Hans-Brita) dreiv også vevskule. Ingeborg Bale vov mykje og varene selde ho til Bergen. I Balholm var utsala tette som hagl: Ingrid Våge og Gunnhild Husefest hadde utsal hos fotograf Kåre Norddal. Birgit Sande hadde vevskule og hadde vevejenter heile året. Svingen Turistforretning etablerte ho i 1922. Vevprodukta blei elles selde på Kviknes Hotel, t.d. produkta til Maria Sjøthun. Ho hadde stått læretida si hos Birgit Sande. På Turistcafeen selde Svanhild Eitungjerde sine produkt. Ho selde også i forretninga til faren, Andreas.Eitungjerde. Kvinnene i Nilsenhuset,Durdei og dottera Nikolina, hadde også stor produksjon. Dei selde frå krambua si på Nilsens plass – den opne plassen rundt Bedehuset. Tona Thue selde varer i eigen kiosk, og seinare inne i krambua. Ho tok varer i kommisjon, og var hoppande glad kvar gang ho selde ei strikkajakke.

I slike sprudlande miljø blir det som regel slik at nokre blir større enn andre, utvidar produksjonen og finn nye marknader. Slike kvinner var til dømes Anna Bøe og morsøstra Klaudine Grøneng. Klaudine vart seinare gift Skarestad i Fjærland og her lærte ho kvinnene til å produsera stort og selja i Bergen. Klaudine var eit organisatorisk talent av dei sjeldne. Fjærlandskvinnene hadde med seg nål og tråd på salsturar til Bergen, blir det fortalt. Dei sydde pengane inn i «dosi». Der låg kapitalen trygt. Anna og Klaudine dreiv stort i Presthola, om lag ein kilometer frå starten av Esefjorden Rundt. Mange jenter var i opplæring og arbeid der. Dei deltok på messer på Sjølyst i Oslo. Vi talar her om kvinnelege etablerarar på eit tidleg og høgt nivå.

Toppar seg i Engelsk-kyrkja

Mykje av kreativiteten til dette miljøet toppar seg med interiøret i Engelsk-kyrkja, som vi også passerer før vi når mål på Balahaugen. Vi talar om eit varmt kyrkjerom som gjev både tankero og kvild. Kvar dag, og kvar kveld, sommaren igjennom, sit det travle reisande frå heile verda i stille ettertanke inne i dette rommet, med utsyn over fjorden. Fargerike, engelske glasmåleri med helgenbilete fortel si soge på austveggen. Vi kan oppleva naturgleda med Emma Normanns altartavle, fylt med lokale fjordmotiv, med Klaudine Grøneng Skarestad sin smettevev, og med Aase Kvikne Bjordals fane av St Olaf. Varmen kjem frå fargane i veggane og taket, rikt dekorerte og inspirerte av mellomalderkunst. Mest undrar vi oss over dei stilsikre utskjeringane.

Kven var treskjeraren, meistaren? Sjølvsagt har mange deltatt i kyrkjearbeidet, men ein må ha hatt hovudarbeidet. I lang tid har eg prøvd å finna ut noko om dette. Denne meistaren må ha forma kunstverka sine i 1895 og 1896. Kyrkja stod heilt ferdig i 1897. Vi er i ein tidleg fase av nybløminga i treskjerarkunsten. Vikingskipsfunna på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet gav denne kunstforma ei sterk oppdrift. Sentralt i formidling og opplæring stod hardingen Lars Kinsarvik. Han byrja også å fargeleggja treskurden sin. Det blei ein heftig debatt om dette var korrekt. Vi talar om ein nasjonal debatt. Desse kvasse ordskifta blei altså fanga opp av dei som dreiv arbeidet med Engelsk-kyrkja framover, midt i 1890-åra. Dei fleste avgjerder om utsmykking og fargelegging tok nok arkitekten Jens Zetlitz Kielland, ein av våre store nasjonale arkitektar.

Arkitekt Kielland må forresten ha brukt tida si godt i Balestrand. Då han teikna Gamlehaugen, no kongebustad i Bergen, la han inn ei steintrapp der, med stein frå Lindane. Den treskjeringa som vi kjenner til dømes gjennom arbeida til Ivar Høyvik, er nyare enn utsmykkinga av Engelsk-kyrkja. Høyvik var elev av livskunstnaren Magnus Dagestad på Voss medan altså Engelsk-kyrkja er Kinsarvikinspirert. Dagestad var forsiktig med å legga fargar over sine arbeid. Han leverte forresten eit storarbeid til Harastølen i Luster. Kvar er desse kunstverka blitt av?

Eirik Jonson Horpedal eller Grøneng

Detaljbilete av interiøret i Engelsk-kyrkja i Balestrand utført av Eirik Jonson Horpedal Foto: Eirik Hoel

No har vi gått omvegar, som katten rundt grauten. Kven skar, gjentar vi? Kven var meistaren for interiøret på Engelsk-kyrkja? Brått stig Eirik Jonson Horpedal fram for oss. Etter snikkaren og pensjonatverten Ola Midtnes f.1886, grannen til kyrkja, og son til kyrkjebyggaren Bendik Hansson Hopperstad, var det nettopp Eirik Jonson som sat og forma interiøret, med sine treskjerarreiskap. Ola Midtnes fortalde dette til Anna Grøneng Hatlem. Eirik kom frå ein plass under den store Horpedalsgarden i Fjærland. Han var undermann på jekt i unge år. Dei fortel at i vindstille periodar med hamnelægje kunne han finna ei byvedskie, og med kniven sin forma han lenker og vakre ornament av dette robuste råmaterialet. I augo og handa hadde han kunstnarens persondrag. Han må også ha vore ein solid dreiar. Mykje av interiøret, også sprossene på vindaugo, er vakkert og markert dreiearbeid. Men kvar kom emna frå, trevirket? Det veit vi ikkje.

Vi fer litt vidare med Jon Eirikson Horpedal: Han blei gift med Anna Olsdotter Engum frå Kvamsøy. Ho sat som enke etter Klaus Guttormsen Grøneng.Gjennom dette giftarmålet kom han inn i eit aktivt brukskunst- og nyskapingsmiljø miljø på Grønengsgarden, den vakraste bustaden langs heile Esefjorden. Klaudine Grøneng, seinare kjend som kunstveverska Klaudine Skarestad, som vi har skrive om, var stedottera hans. Ho var ei ekte kunstkvinne som skapte kvinnelege arbeidsplassar med kunstveven sin, konstaterte vi.

Mora, Anna Olsdotter, var misjonsven. Det var også Klaudine. Då Bedehuset skulle byggast i Balestrand, og som vi også passerer på turen vår, kosta ho grunnmuren pluss at ho altså gav eit vakkert arbeid til Engelsk-kyrkja. Slik sett er såleis den stilreine og harmoniske kyrkja, vigd til St Olav og stilt ferdig i 1897, også et vitnemål om det høge nivået brukskunsten hadde i Balestrand kring år 1900. Midt blant kunstnarane står den anonyme meistaren: Eirik Jonson Horpedal eller Grøneng som han etter kvart skreiv seg for. Også etterkomarane frå Grønengsgarden markerer seg i dag. Forfattaren Klaus Grøneng kjenner vi frå boka om «Rinnanbanden». Vår eigen dyktige kulturformidlar Jens Brekke kan føra slektsbanda sine attende til Eirik Jonson. Det ligg i blodet.

Muring blei eit kunsthandverk

Engelsk-kyrkja har også ein uvanleg vakker grunnmur. Steinane er rettvinkla, mursaumen i lodd og water. Også her har dyktige fagmenneske gjort eit eineståande arbeid. Bak muringa finn vi Anders Olson Tveit f.1851 frå Tveit i Bøfjorden, Hyllestad, gift til Skrenes. Han kjende steinens eigenart og blei ein høgt verdsett murar. Han opparbeidde kløvjeveg fram gjennom ulenda i Yglebotn. Esefjella var ingen lett stad å strekkja ut kløvjeveg. Anders Olson Tveit eller Skrenes greidde det. Han kom frå eit område i Ytre Sogn der ulike fag og handverk stod sterkt. Frå Lavikdalen kom Nils Hansson Baug til Kvist i Kvamsøy sokn. Han etterlet seg varige kulturminne både på Kvist og andre stader i grannelaget. Han var mannen bak fjøsmuren på Koldningsnes, som er eit syn og ein attraksjon.

Anders Olson Tveit frå Bøfjorden i Hyllestad altså. I området som strekkjer seg frå Bøfjorden attover og innover til Lavikdal. Frå Ringreide og Aven kom også dei beste jektebyggarane. Jektene var spantfartøy i tre. Spanta blei forma først og seinare bordkledde. Vi talar igjen om kunsthandverk av høg klasse. Spantbygde fartøy var som skulpturar. Dei forma båtar og fartøy etter materialets art og spenst. Ein av dei største jektebyggarane våre var Isak Einarson Aven. Han var gift med ei Grønengsjente, Anna. Dei reiste til USA. Anna døydde der. Isak tok barna med seg og kom heim til Aven. Han er kanskje den største og viktigaste informanten i Sogn med omsyn til eksakt kunnskap om jektebygging, om storleikar, høvestal, augnemål, skjønn, truer og førestillingar knytt til faget.

Altertavle i verdsklasse

Emma Normann har målt altertavla i Engelsk-kyrkja Foto: Eirik Hoel

Vi er framleis langs Esevegen og i Engelskkyrkja samstundes, så å seia. Ikkje så langt frå sentrum, innover på Esestrondi, i eit svart tømmerhus, finn vi spora etter Emma Normann og dotter hennar, Helga Leknes Normann. Emma Normann målte altartavla i Engelsk-kyrkja. Heile motivet og oppsette, presentasjonen, må vera eineståande for ho har kopla inn to fjordbilete: Eitt motiv frå Esefjorden der alle Esefjell er synlege, Geithalsen mest, og eitt frå fjordområdet ut for Balholm, mot Veganeset. Vi ser korleis Fjærlandsfjorden skjer seg inn over. Frykjedl, eit fjell, men også eit fjordmerke som stuper i sjøen på altertavla.

På våre reiser, heime og ute, har vi sett mange kyrkjer, men vi har aldri sett noko liknande: Altertavla har lokale motiv. Fjorden vår er fylt med blomar, liljer og prestekragar. Dessutan er altertavla tre-delt, med tre motiv. I sin ungdoms vår fekk Emma Normann truleg ei stor kjærleiksoppleving i Berlin. Ho møtte Gunnar Berg frå Lofoten, ein svært talentfull ung kunstnar som døydde ung. Emma sat ved senga hans til det siste, i Berlin. Han målte det dramatiske slaget i Trollfjorden, der fiskarar rauk i hop om reiskapsbruken. Gunnar Berg sette sju måleri saman til eit større innramma kunstverk, med hovudbilete i midten, og treskud til ramme. Slaget i Trollfjorden, som no heng i Svolvær, må ha vore føredømet når altertavla i Engelsk-kyrkja skulle utformast endeleg. I alle fall er kunstverket komponert på same vis. Kanskje er denne altertavla også ei hylling til ein livgjevande ungdomskjærleik, med eit tragisk utfall.

Livet er ikkje alltid like lett

Emma Normann var ein særmerkt kunstnar, på mange vis. Ho laga større arbeid på lerret, men ho illustrerte også bøker, såleis nokre av bøkene til mannen sin, essayisten, forfattaren og kunstkritikaren Willy Pastor, som ho seinare blei skild frå, visst nok på grunn av ulike vurderingar av den norske, nøytrale utanrikspolitikken under fyrste verdskrig. Livet var nok ikkje alltid like lett for Emma Normann. Ho braut for alltid med far sin, Adelsteen Normann. Stort sett hadde ho også alltid dårleg råd, svært dårleg råd til og med. Ho blei prinsippfast vegetarianar. Hønene hennar blei plasserte i Gjerde om vinteren då Emma budde i Oslo. Ho var norsk statsborgar, men lærte seg aldri heilt norsk: «Se de står og kysser seg», herma dei etter henne då ho oppdaga eit kjærleikhungrig par på Esevegen. Huset på Esestrondi bygde ho etter kvart som ho fekk pengar for kunstverka sine, frå 1910 og utover. Ein liten arv frå buet etter faren fekk ho også å hjelpa seg med.

Ho teikna sjølv huset og dei eineståande dekorasjonane som prydar det. Ivar Høyvik skar dekorasjonane, og ved sida av Høyviksalen på Kviknes Hotel, er nok dette huset eitt av hovudarbeida hans. Stundom gav ho uttrykk for at livet ikkje har fare godt med ho. Mange måleri, uforsikra, rauk med då «Jotunheimen» under Bruhjell blei sopt på fjorden ei redselsnatt i februar 1928. Under andre verdskrig var ho Berlin, men kom heim til Norge truleg i 1943. Då hadde nokre balestrendingar knust dekorasjonar på huset hennar. Dei gamle fellesgermanske motiva, med røter i norrøn mytologi, blei ikkje tolde. Og Ivar Høyvik måtte til att med andre og mindre symbolberande utskjeringar.

Mangfaldig Prima Ballerina

"Danserinne" portrett av Helga Normann Rødkrit-teiking av A. Grunerberg Eigar: Kari Vestli Alm

Mange hugsar enno Helga Normann i Balestrand. Fleire trudde at ho var kunstmålar som bestefaren og mora. Men kunstnarryet hennar knytte seg fyrst og fremst til balettdans. 8. desember 1935 satt Helga opp ein eigen Tanzmatinee”Bergtatt” i Berlin der ho sjølv stod for både koreografi og regi. Førestillinga vart godt motteken og fikk bra kritikk. Ho dansa på den prestisjetunge Deutsches Operahaus i Berlin. Ved sida av dette gav ho også undervisning i sin eigen spesialskule for klassisk og moderne dans. Under verdskrigen var Helga Normann i aktivitet ved fleire tyske teater, såleis i Liegnitz, Plauen og Klagenfurst. Men Berlin vart bomba og under bomberegnet mista dei alt dei eigde - både ballettskulen og heimen. Familien Emma og Helga valde å reise heim til Oslo.

Om somrane i Balestrand for Helga nærområdet rundt og jakta på landskapsmotiv, og på blomar til akvarellane sine. Ho målte dessutan direkte på porselenet. Ho la opp porselensmålinga slik at ho som regel greidde seg med ei brenning. Ho målte helst mindre gjenstandar derfor brukte ho forstørringsglas når ho målte. Det gjorde ho berre i dagslys. Arbeida sine selde ho om sommaren frå atelieret sitt på Esestrondi, nordvendt, med stabilt lys, som alle atelier i Balestrand. Ho arbeidde også i «stabburet» sitt i hagen. Der hadde ho også lager. Mest selde ho vel kanskje av handteikna og fargelagde postkort, produserte av Mittet Forlag.

Nett og følsam pensel

Ho hadde ein nett og følsom pensel, skriv Arne Melkild om henne i boka «Kunstnarliv». Både Emma og Helga trong hjelp, både ute og inne. Brita i Habn var i huset i årevis. Far til Brita, Oddmund Lidal, stelte med hagen. Dei hadde begge eit ope, humoristisk forhold til dei to spesielle kvinnene og titulerte seg sjølve som «Slavinnen» og «Slaven», på spøk sjølvsagt. Både Brita og Oddmund hadde sans for det morosame og var replikksterke, som alle habningar. Hans Sande hjelpte også mykje til i hagen deira, slo gras og heldt det velstelt. Helga hadde også gode vener i Oslo. Ho var eit typisk nattmenneske, kom seg ikkje i seng, fortel Kari Vestli Alm som kjende ho i mange, mange år. «Ein gang vi skulle ha bacalao blei vi sent ferdig med maten, svært sent, til og med. Da ringte mannen min til henne og inviterte henne til sen middag. Hun kom straks.», fortel Kari som la til at i slike situasjonar lempa også Helga på sine vegetariske prinsipp, som ho hadde fått i voggegåve av mor si.

Emma Normann døydde i 1954 og Helga i 1987. Dei er begge gravlagde på Vår Frelsers gravlund i Oslo, æreskyrkjegarden til nasjonen Norge. På grava står ein rikt utskoren trekross, tinga av Helga. Er Ivar Høyvik kunstnaren?

Lågmælt

Vi ser av dette, på vandringa vår rundt Esefjorden, at Engelsk-kyrkja er noko mykje meir enn eit harmonisk gudshus, vigd til St Olaf og tilhøyrande Church of England, administrert frå Gibraltar. Kyrkja er også ein konkret statusrapport om det nivået brukskunsten i Sogn stod på i 1897. Folkets faglege røyst talar til oss gjennom kyrkja, men røysta er lågmælt og ofte anonym. Vi har såleis mykje å gå på i formidlingssamanheng når det gjeld denne spesielle kyrkja, bygd som kopi av ei stavkyrkje, men med sitt eige ansikt, sin eigen ham, sitt eige uttrykk. Eirik Jonsson Horpedal eller Grøneng og Anders Olson Tveit eller Skrenes var uvanlege menn fordi dei var kunstnarar frå folkedjupet. Emma Normann gav altertavla eit personleg preg og var kanskje påverka av sin ungdoms kjærleik til ein ung og gåverik kunstnar frå Nord, som døydde berre 30 år gamal..

Takk til Jens K. Ese, Turid Farnes, Annemor Hatlem, Gunvor Høydal, Kari Vestli Alm, Jorunn Eitungjerde.