2010 Gamle spor i dagens Balestrand

Størstedelen av førhistoria i Noreg manglar skriftleg kjeldemateriale, og studium av materiell kultur er dermed einaste måten ein kan få kunnskap om korleis folk levde. Materiell kultur er alle spor etter menneskeleg aktivitet, og kulturminne er dermed ein svært mangfaldig kategori. Gjenstandsmateriale kan vere reiskapar, avfall etter reiskapsproduksjon, våpen, kar av keramikk, smykke og mykje anna. Strukturar i landskapet, det arkeologar ofte kallar faste kulturminne, kan vere hustufter, graver, dyregraver, kolgroper, innhegningar, eldstader, kokegroper, med meir. Slike kulturminne kan vere synlege på overflata, eller overdekka av matjord og annan jordmasse slik at kulturminna først blir oppdaga når den overdekkjande massen blir fjerna.

Tidsalder Periode Kalenderalder
Eldre Steinalder Tidligmesolittikum 9200-8050 f.Kr
Mellommesolittikum 8050-6400 f.Kr
Senmesolittikum 6400-4000 f.Kr
Yngre Steinalder Tidligneolittikum 4000-3300 f.Kr
Mellomneolittikum A 3300-2800 f.Kr
Mellomneolittikum B 2800-1800 f.Kr
Bronsealder Eldre bronsealder 1800-1000 f.Kr
Yngre bronsealder 1000-500 f.Kr
Eldre jernalder Førromersk jernalder 500 f.Kr
Romertid Kr.f-400 e.Kr
Folkevandringstid 400-570 e.Kr
Yngre jernalder Merovingertid 570-800 e.Kr
Vikingtid 800-1030 e.Kr
Middelalder 1030-1537e.Kr
Nyare tid 1537e.Kr-

I Balestrand kommune er det per i dag kjent rundt 70 lokalitetar med automatisk freda kulturminne, i tillegg til ulike lausfunne gjenstandar. Svært mange av dei registrerte kulturminnelokalitetane er gravhaugar eller røyser. Gravminna daterer seg innanfor tidsspennet bronsealder-jernalder. Det er òg kjent einskilde lokalitetar med spor etter førhistorisk dyrking og buplassar frå steinalder, som fortel at busetnaden og aktiviteten i området går lenger tilbake i tid.

Kulturminneregistreringar

Dei fleste nye funn av kulturminne blir i dag påvist ved systematisk registrering i samband med planarbeid. Etter lov om kulturminne er det undersøkingsplikt ved planlegging av ulike typar tiltak, og det blir dermed føreteke registreringar som avklarar om det finst kulturminne som kan bli berørt. Dette er for å sikre at førreformatoriske kulturminne skal bli ivaretekne, ikkje berre for nåtida, men òg for ettertida. Den mest oppdaterte oversikten over kulturminne finst dermed i område med høg utbyggingsaktivitet. Talet på kjende kulturminne i Balestrand er ikkje særskilt høgt samanlikna med ein del andre område i Sogn og Fjordane. Sannsynleg betyr dette at der finst kulturminne i Balestrand som enno ikkje er oppdaga. Alle førhistoriske kulturminne, det vil seie fram til 1537 e.Kr. er automatisk freda. I Sogn og Fjordane er det fylkeskommunen ved Kulturavdelinga som har ansvaret for å ivareta automatisk freda kulturminne.

Gravskikk og busetnad i bronsealder og jernalder

Det er per i dag kjent få spor etter bronse- og jernalderbusetnad i Balestrand, i form av hustufter. Førekomsten av dyrkingsspor, gravminne og –funn gjer det likevel utvilsamt at det har vore busetnad og aktivitet i området.

Registreringar tilbake til 1800-talet nemner minst 100 gravminne i Balestrand, det har altså vore langt fleire haugar og røyser enn dei som er synlege i dag. I tillegg er det kjent lausfunne gjenstandar som beltesteinar og spinnehjul, desse kan opphavleg ha komme frå graver.

Vanleg gravskikk i eldre bronsealder var å gravlegge den døde ubrent i haug eller røys. I yngre bronsealder var kremasjon vanlegast. Oska vart ofte samla i eit kar og sett ned i ei flatmarksgrav, eller i ei eldre røys. Gjennom tidleg jernalder var brende flatmarksgraver eller låge steinrøyser vanleg. Frå romertid og utover blir variasjonen større og gravgodset rikare. Fleire gravminne i Balestrand stammar frå jernalderen, der den døde har fått med seg våpen og ulike reiskapar i grava.

Belehaugane

Det har komme inn mange gjenstandsfunn til Bergen Museum frå Bale, dei fleste er funne i graver frå eldre og yngre jernalder. Nokre av gravene har vore utstyrt med våpen, som skjoldbuler, sverd, våpenøkser og pilspissar. I tillegg er det gjort funn av økser, flintdolkar og andre steinreiskapar frå tida før jernalder.

Belehaugane er blant dei gravminna i Balestrand som gjerne er lettast å legge merke til i dag. Belehaugane vart rekonstruert i 1886, men det har vore fleire haugar i nærleiken. Plasseringa til haugane like ovanfor ein naturleg landingsplass ved fjorden er karakteristisk. Førkristne gravminne vart ofte lagt på framtredande stader i terrenget, gjerne langs ferdsleårer på land eller sjøvegen, og det er tydeleg at dei var meint å vere godt synlege for andre.

Busetnad

Pilspissar frå yngre jernalder, funne ulike stader i Norge Etter Rygh 1885

I jernalder var gravminna ofte knytt til busetnadsområdet, og i nokre område synest gravhaugar å ha fungert som eigedomsmarkør til jorda. Busetnadsområde frå jernalderen er funne andre stader i Sogn og Fjordane, og elles på Vestlandet. Dette gjer at vi kan seie ein del om korleis menneska som vart gravlagde i Balestrand i jernalderen budde medan dei levde.

Med jordbruket endra hustypen seg frå telt og gammeliknande hus til rektangulære hus med jordgravne stolpar. Jordbruket førte med seg større grad av bufasthet, og dette gjenspeglar seg i meir solide huskonstruksjonar. I yngre steinalder og først i eldre bronsealder hadde husa ei midtrekke med takberande stolpar. Rundt 1500 f.Kr. fekk husa to rekker med takberande stolpar. Måten å binde saman den berande konstruksjonen på og utforming av veggen varierte, men det grunnleggande prinsippet med to takberande stolperekker heldt seg gjennom heile jernalder, og var til ei viss grad i bruk òg i mellomalder og nyare tid. Basert på dei husfunna vi kjenner til på Vestlandet i dag, var husa frå yngre steinalder og opp i førromersk jernalder frå 10 og opptil 20 m lange, og rundt 5-8 m breie. I løpet av romertid vart husa større, ei utvikling som fortsette gjennom folkevandringstid og inn i yngre jernalder. Langhusa var ofte inndelte i ein bustad- og ein fjøsdel. Husa kunne òg ha ytterlegare oppdeling med eigne rom til særskilde aktivitetar. I Gloppen, Sogndal, Solvorn og Loen er det funne bygningar på 40-60 meters lengde frå romertid og folkevandringstid. Det største langhuset vi kjenner i Noreg er den 80 meter lange hallbygningen på Borg i Lofoten, frå yngre jernalder.

Klibberg ved Dragsvik – eit snitt av førhistoria

Lokaliteten på Klibberg ved Dragsvik vart påvist under kulturminneregistreringar i 2009, i samband med planlegging av ny kraftline mellom Ørskog og Fardal. Lokaliteten synte spor etter menneskeleg aktivitet frå eldre steinalder og opp i nyare tid.

På nordsida av Klibberg ved Dragsvik er ein av dei eldste buplassane i kommunen funne. Denne kan skrive seg 9000 år tilbake i tid. Ved Klibberg er det ikkje berre spor etter aktivitet i eldre steinalder – staden viser òg spor etter aktivitet over eit langt tidsrom opp mot nyare tid. Like bortanfor den første buplassflata vart det funne spor etter enno ein busetnad frå yngre steinalder, og i tillegg vart det funne spor etter kultivering i yngre bronsealder og eldre jernalder. Heilt opp til i dag har staden vore nytta til dyrking og beiting, noko som gir staden ein særmerkt tidsdjupne.

Lokalisering av steinalderbuplassar

Når arkeologar går fram for å spore buplassar frå steinalder, analyserer ein først terrenget og skaper eit bilete av korleis landskapet har vore i tidlegare tider. Opp gjennom førhistoria har havnivået variert kraftig på grunn av nedsmelting av is og landheving etter siste istida. I eldre steinalder har truleg havnivået i Dragsvik stått så mykje som 60 meter høgare enn i dag. Landhevinga har varierande styrke i ulike område, og lokale strandforskyvningskurver må dermed bereknast for mindre område. Ved hjelp av kartstudium får ein då eit inntrykk av kor det har vore gode hamner, og kva flater i terrenget som kan ha vore godt eigna for busetnad. Ettersom livsgrunnlaget i eldre steinalder baserte seg på jakt, fiske og sanking, går ein også ut i frå at buplassane var tett knytt til stranda. I skråningane rundt Klibberg er det fleire små flater som i eldre steinalder har vore strandbundne, med små hamner med ly for vèr og vind. Særskilt på nord- og sørsida av berget har det vore små lune bukter kor folk kan ha slått seg ned. På ei av desse flatene vart det gjort svært interessante funn seinhausten 2009, med fleire spor etter reiskapstilvirking frå steinalder.

I yngre steinalder vart imidlertid jordbruk og dyrehald stadig viktigare som leveveg, og ein valde seg difor ut større og lettdyrka flater for busetnad. Nærleik til sjøen var med andre ord ikkje like avgjerande som tidlegare, og buplassane vart i mange tilfelle lagt på nye stader. Umiddelbart vest for Klibberg ligg det i dag ei lita dyrkingsflate, kor arkeologane gjorde ytterlegare funn. Medan funna frå den største flata ser ut til å stamme frå både eldre og yngre steinalder, var funna frå denne flata typiske frå yngre steinalder. Det vart gjort få og fragmenterte funn, men likevel nok til at funnmaterialet kunne tidsbestemmast til yngre steinalder. Mellom desse to flatene vart det gjort ytterlegare eit funn. Heilt inntil ein trafostasjon som står der vart det i nord funne ein knyttnevestor stein, med tydelege spor etter reiskapsproduksjon. Det ser dermed ut til at heile flata på baksida av Klibberg kan ha vore eit stort samanhengande aktivitetsområde i steinalderen, som har vore i bruk over fleire tusen år.

Spor etter førhistorisk dyrking

På den eldste buplassflata på Klibberg vart det òg funne spor etter fleire fasar med dyrking og avsviing. Ved avsviing blir vegetasjonen svidd av slik at området lettare kan nyttast til åker eller beite. Ved hjelp av trekolprøvar kan slik aktivitet daterast radiologisk, ved C14-dateringar. Arkeologane tok ut prøvar frå alle jordlaga, og fekk resultat som påviste dyrking i både yngre bronsealder og eldre jernalder. Ein tredje prøve gav utslag til etterreformatorisk tid, det vil seie tida etter reformasjonen i 1537.

Det er kjent spor etter førhistorisk dyrking nokre få andre stader i Balestrand, mellom anna på Fjærestad og Livden. På Livden er det funne spor etter dyrking i vikingtid. På Fjærestad er det funne dyrkingslag i fleire fasar frå yngre steinalder til førromersk jernalder. Den tidlegaste dyrkingsaktiviteten frå yngre steinalder har form av avsviing, sannsynleg for å åpne areal til beite eller dyrking.

Holveg

Ved Klibberg er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå eldre steinalder og opp i nyare tid. Foto: Helge Pedersen

Få meter vest for trafostasjonen vart det òg funne restar etter ein såkalla holveg, rett nedanfor skogsvegen som går oppover skråninga i dag. Holvegar er gamle vegfàr som har fått ein U-forma profil av langvarig bruk og erosjon. Slike vegfàr kan vere vanskelege å tidsbestemme, men dei viser seg i mange tilfelle å gå heilt tilbake til jernalder. I nokre tilfelle kan det òg påvisast bruk i bronsealder. Det er naturleg å sjå denne holvegen i samanheng med aktiviteten på staden i yngre bronsealder og eldre jernalder, ettersom vegen har retning mot den eldste buplassflata. Dei øvrige spora etter holvegen er i dag ikkje synleg, ettersom dyrking, beiting og moderne verksemd har endra terrenget.

Råstoff og teknologi

På åpne buplassar, som på Klibberg, er det vanlegast å gjere funn av uorganisk materiale. Flint, kvarts, kvartsitt, grønnstein og diabas har vore mykje brukte råstoff. På buplassar førekjem det relativt ofte funn av ulike reiskapar, men vanlegvis er avfallet etter reiskapsproduksjonen mest talrikt. Avfallsmateriale er ofte karakteristisk for ulike reiskapstypar og ulik måte å forme råstoffet på. Teknologi og råstoff endrar seg både gjennom eldre og yngre steinalder, og ulike typar stein vart òg brukt til reiskapar i seinare periodar som bronse- og jernalder. Ulike føremål, og dermed ulik bearbeiding og slitasje, gjer at bruksområdet i mange tilfelle kan gjenkjennast og tidfestast.

Avfall frå reiskapsproduksjon av flint og kvarts frå Klibberg Foto: Morten Tellefsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vanlege steingjenstandar å finne er våpen og reiskapar som pil-, spyd- og borspissar, økser, meislar, skraperar og fiskesøkke. Klubber, hakker og køller førekjem òg. I heldige tilfelle kjem ein over meir uvanlege funn, som knappar, smykke, utskårne figurar av stein, tjæreklumpar og anna. Tjære vart nytta som festemiddel mellom våpenspiss og skaft. Tannmerke på tjæreklumpane syner at desse vart tygd på. Truleg vart tjæra tygd for å gjere den lettare å bearbeide, kanskje òg brukt som tyggis.

Beinmateriale

På Klibberg var det ikkje bevart noko beinmateriale. På buplassar med betre bevaringstilhøve kan organisk materiale, ofte bein, vere bevart. Slike bevaringstilhøve er vanlegast i hellarbuplassar. Bein opptrer både i form av reiskapar og våpen, og avfall etter føde. Dette gir konkret og interessant informasjon om kva artar dei som budde i hellaren livnærte seg av. Nokre fiskeartar kan til dømes vise at buplassen var sesongbasert. Hellarbuplassar gir ikkje berre viktig informasjon om kva menneska levde av akkurat i den einskilde hellaren, slike buplassar gir òg innblikk i kva funnmateriale som manglar på dei åpne buplassane, der beinmateriale vanlegvis ikkje overlever fleire tusen år i jorda. Av bein laga ein reiskapar og våpen som fiskekrokar, harpunspissar, nåler og pilspissar. Flinteggspissane består av ein beindel med innsette eggar av flint. På åpne buplassar er ofte flinteggane bevart, medan beindelen av spissen manglar. Både flinteggane og overflødig råstoffmateriale frå tildanning av slike får ei særskilt utforming, og er lett gjenkjennelege sjølv om beindelen av spissen manglar. Nye funn kan dermed i mange tilfelle gi ny kunnskap som utfyller eller endrar oppfattinga av tidlegare funn.

Kjelder

.