2009 Esefjordvegen - frå gangsti til køyreveg

Anders Gjerde med hest ved Skrenes truleg 1960. Guten er ukjend.

I år markerer vi Esefjorden Rundt med 30-årsjubileum. I samband med denne markeringa har vi valt Esefjordvegen som tema. Korleis oppstod vegen rundt Esefjorden - fjordarmen som er ca. 4 km lang. Sentrale hendingar og milepelar i vegen si historie er noko av det vi vil fokusere. Ei sentral kjelde for artikkelen er Arne Melkild si semesteroppgåve frå 1983.

Vegen frå Holmen (Balestrand sentrum) til Ese var ferdig i 1895, vegtrasen mellom Tjugum og Esebotn var ferdig i 1916 og i 1929 var det køyreveg rundt heile Esefjorden.

Eit initiativ frå grunnplanet

Går vi 165 år attende, finn vi følgjande i referatet frå formannskaps- og representantskapsmøtet for Leikanger kommune på Hermansverk 1. oktober 1844: "Efter tagen Beslutning i Formandskaps og Ræpresentantmøde paa Hermandsværk den 1 ste. denne Maaned om at faa oparbeidet en Gangsti fra Balholm til Gaarden Yttre Esse samt fra Thugum indad til Jelseng, tilsiges herved Gaardmændene på Lunde, Tjugum og rundt om Essefjorden at foretage dette Veiarbeidets Begyndelse den 30 te denne Maaned og fortsætter hermed til den paafølgende 3 de November saavel Huusmænd, Strandsiddere, Løskarle samt Inderster have at svare et Dagsarbeide i den anførte Tid. Rodemændene ville møde første Dags Morgen med deres Mandskaber paa Gjerde hvor di forenes om paa hvilket Sted enhver skal forrette Arbeidet. Hvis nogen udebliver fra Arbeidet bliver han efter Veiloven i alle dage til Ansvar. Lundvvigen, 28 de October 1844 H. Flesche (sign.) Omsendes uden Ophold fra Lunde indad og rundt Essefjorden i hver Mands Huus."

Legg merke til kva som ventar av ”straff” dersom nokon braut reglane: ”Hvis nogen udebliver fra Arbeidet bliver han efter Veiloven i alle dage til Ansvar.”

Trygve Mundal frå Fjærland skreiv eit innlegg i S/SA avis 23. januar 1882 som viser til at det er ”opsidderne i Essefjord og Tjugum” som tok opp saka og fekk ho lagt fram for heradstyret. Dette var med andre ord eit initiativ frå grunnplanet. Arbeidet var heller ikkje lagt inn under veginspektøren, slik det var vanleg den gongen. I staden vart vegarbeidet leia av lærar og klokkar Hans Flesche. Kanskje var ein uroa for at anlegget vart for dyrt dersom det kom under offentleg leiing?

Dette er første gongen vi finn eit offentleg dokument om framføring av ferdselsåre rundt Esefjorden. Framføringa av gangstien var basert på eit offentleg pålegg.

Det skulle gå 85 år til før det kom køyreveg rundt Esefjorden. Først nokre ord om den eldste delen av vegen på strekninga mellom Dragsvik og Balestrand sentrum (Holmen).

Kyrkjevegen Dragsvik - Tjugum

Helleren ved Dragsvikberget Foto: Helge Pedersen
Gamlevegen ved Dragsvik Foto: Helge Pedersen

Tidlegare byrja denne vegen ved Dragsvikberget (Dragsvik), opp Bankhuskleivi (gjerne kalla Kronglekleivi), forbi Bankhuset (første huset til Balestrand Sparebank) og vidare til Tjugum båtstø ved Tjugum kyrkje.

Tingstova og kyrkjebakken var viktige sosiale arenaer i det gamle bygdesamfunnet. Tidlegare rodde folk til kyrkje frå Sværefjorden og Vetlefjorden, og til vanleg landa dei båtane sine ved Dragsvikberget. Kyrkjematen som dei hadde seg, vart plassert under ein heller her. Etter gudstenesta var det vanleg med matøkt og prat før dei rodde heimover. Ein gong hadde nokre oppsitjarar forsynt seg av kyrkjematen under helleren. Ein hadde gode haldepunkt på kven dette var. Under ein seinare krangel vart følgjande sagt: ” Du kan vel vera tjukk i baken, du har ikkje ete mindre av kyrkjematen frå Vetlefjordingane”.

I 1879 er vegstykket mellom Dragsvik og Tjugum rodelagt, men vegen er nok eldre. Denne delen av vegen var viktig for Lunde/Lundsviki som tidlegare var ”sentrum” i Balestrand. Men det skulle gå nokre år før dette vegstykket vart forlenga til Esebotn.

Del 1. Vegen frå Holmen til Ese

Tidleg 1888 var det i sving krefter for å få veg mellom Holmen og gardane i Ese, og Balestrand Samtalelag (ungdomslaget) hadde fleire møte for å påverke kommunestyret i ei slik retning.

I referata står det mellom anna: ” Aar 1888 den 25. Marts indledede skrædder Anders Ese. Uteksamineret sergeantelev Sten Sværen ledede Samtalen der gav ret lyse Utsigter for prosjektets Virkeliggjørelse”. Frå møtereferatet den 8. april står det: ”Aar 1888 den 8de April blev Samtalen om Veilinjen Balholm-Ese fortsatt, under Ledelse av Gaarmand Jens Ese.” Medlemmane i samtalelaget var kanskje litt for optimistiske. ”Virkeliggjørelse” vart det, men ikkje med det same.

Som ei følgje av dette initiativet vart det sett ned ein komité som skulle arbeide med denne vegsaka. Håpet var å få offentleg støtte til 2/5 av kostnadane. Resten skulle grunneigarane betale. Grunneigarane i Ese var sentrale bak dette vegkravet. Men referatet viser at andre lenger ute i bygda var med, men med visse reservasjonar: ”En del Opsiddere paa Balestranden lovede at støtte Foretagendet imod at det ikkje blev forment (til mein for) denne Bufar- og Reislevei (kløvveg) igjennom Essedalen og Ljotaaen til og fra Langedalen”.

Grunneigarane var uroa for at framføringa av den nye vegen skulle medføre vanskar for dei når det gjaldt tilkomsten til Esedalen og vidare til Langedalen mot Høyanger. Denne dalen var eit ettertrakta sommarbeite for kyr, sau og geit. Dei ville ikkje gje tilslutning til det nye før ”det beståande” var ivareteke.

Referata frå ungdomslagsmøta er også eit døme på kva som engasjerte dei frivillige organisasjonane på den tida.

”Comiteen udtaler”

Det vart arrangert allmøte i Holmen 20. mars 1892 der bygging av veg mellom Balholm og Indre Ese stod på dagsordenen, og ein komité fekk i oppdrag å sende søknad til Balestrand heradstyre. Frå søknaden kan vi m.a. lese: ” Comiteen udtaler som sin mening, at denne vei, der er meget påkrævet, bør være absolut en af de første om ikkje den første, der bliver at påbegynde, når der, som er kommet til Comiteens Kundskab, nu skal begyndes på veianlæg inden præstegjældet.”

At saka vart fremma av eit allmøte gav truleg ho større ”tyngde” då saka kom opp i Balestrand heradstyre 30. mai 1882. Under handsaminga mått politikarane ta stilling til 3 andre søknader. Det vart gjort følgjande vedtak: ”(…) med 19 mod 5 stemmer besluttet at at veien Skarestad/Skjeie bro og Balholm / Ese bliver først at oparbeide.”

Eit litt overraskande vedtak då vegen mellom Balholm og Ese framleis ikkje var utstukken og kostnadsrekna. Kostnaden vart seinare sett til kr 7 100. Heradstyret skulle stå for 1/5 av kostnadane og amtet for eit liknande sum. 3/5 skulle grunneigarane stå for, m.a. gje fri grunn, grustak og stå inne for ”Skade uden for Veilinjen”.

Var det berre Ese-bøndene som ynskte denne vegen? Nedteikningar viser at heile bygda stod bakom. På ei arbeidsliste som sirkulerte i bygda før arbeidet tok til, er det oppført 42 underskrifter. Alle forplikta seg med stønad på ulikt vis. Det kunne vere ”(…) 3 dage med mand pr. aar, 2 eller 3 dage med mand og hest eller det kunne vera kontantbidrag fra kr. 33-, 10-, 5- eller ned til 2 kroner pr aar”. Etter eit par års tid stod det att ein relativt stor restanse på betalingane frå bygdefolket, og vegmyndigheitene ville gå til inkasso. Hotelleigar Ole Kvikne redda situasjonen ved å garantere for restbeløpet kr. 1 260. Brei oppslutnad frå bygdefolket og hotelleigaren som berga det heile, viste at vegprosjektet var viktig både for ålmenn ferdsel og som turistveg.

Vegarbeidet mellom Balholm og Ese var ferdig 6. juni 1895. Den dagen var det fest i Ese. Ein festdag som visstnok vart hugsa lenge.

Bygdepoet, kyrkjesongar og klokkar A.P. Øvrebø dikta ei vise til festen, der eitt av versa går slik: ”Og skranglekjerrer og skeive meier/Og fillegampar og vidjegreier/Det kverv nok burt etter denne dag./Jau eg kan seia her vert anna slag.”

Del 2. Frå ”Tjugum Baadstø” til Esebotn

Veganlegget frå dampskipskaien på Balholm til Ese var ferdig, men det skulle gå nokre år før folk på nordsida av Esefjorden mana seg opp til handling. I referat frå heradstyret i september 1907 står følgjande under sak 9: "Oplæstes Andragende fra Opsiderne på Nordsiden av Esefjorden af 2.9.d A angaaende om at faa Amtingeniøren til at udstikke en Veilinje fra Bygdeveien (vegen ved Dragsvik) ved Tjugum Baadstø til Esebotten. Enstemmig besluttet: Amtmanden anmodes om ved Amtingeniøren at lade en Veilinje fra Tjugum Baadstø - Esebotten bleve udstikket om muligt i denne Høst."

Så fort gjekk det ikkje, men 8. april 1910 kom saka opp på nytt i heradstyret. No søkjer kommunen om eit bidrag på kr. 1 500 til opparbeiding av vegen. Vegen skulle opparbeidast privat, men skulle vere i ein slik stand at den skulle innlemmast i ”(…) det almindelige Veinæt til offentlig Vedligehold.”

Når vi les søknaden frå 1910, kan vi hevde at det var dei åndelege verdiar som vart framheva i søknaden: ”Veien er sterkt påkrevet baade som skole og kirkevei og især om vinteren, da inderste del av fjorden ved Hjelseng, Kvalheim og Skrenes ligger hyppig menis, der i lange perioder stenger for baat.”

Dei som budde på nordsida av Esefjorden såg fram til å kunne sleppe å vere avhenging av båt på vinterstid. Gardane på Tjugum, Gjerde og Grøneng og innover hadde også bruksinteresser og jord i Esebotn. Her var dyrkbar mark, god hamning for kyr og særs god geitesti. Tass i at gardane på nordsida hadde bruksinteresser og jord i Esebotn, vart framføring av skule- og kyrkjeveg framheva som det viktigaste i søknaden om vegutløysing frå Tjugum til Esebotn. Skulehuset stod den gongen på Grøneng og er no fjerna.

Kva vart utfallet av søknaden? Det ligg føre eit fyldig innstilling til amtveikomitén og referat frå diskusjonen i komitén på Kviknes hotell i juni 1911. At vegbredda vart redusert frå 2,50 m til 2,20 m var eit avvik i høve den vanlege vegstandarden. Eit stort innslag av private bidrag frå grunneigarane var eit nytt og uvanleg element i dette vegprosjektet. Frå amtsingeniøren vart det stilt spørsmål om dette kunne føre til større vedlikehaldsutgifter for det offentlege. Kanskje frykta amtsingeniøren like mykje at den nye fordelinga (privatbidrag) på sikt kunne true hans autoritet som vegbyggar ?

Det enda med at veikomitén auka kostnaden for kommunen frå kr 1 500 til kr 2 500. Følgjande vedtak vart gjort i Balestrand den 17. juni 1911: "Av amtveikassen bevilges et bidrag stort 1/6 av anlægsomkostningene for veien Esebotten-Tjugum, dog ikkje utover 2500 kr., paa betingelse av, at Balestrands herredstyre bevilger et lingnende beløp, og at veien efter dens fuldførelse godkjendes av amtsveistyret som offentlig vei og overtages av herredet til offentlig vedlikehold. Hvis veien godkjendes og overtages, utbetales bidraget i løpet av 3 aar fra overtagelsen at regne."

Auken på kr 1 000 skapte debatt då saka kom opp i heradstyret den 3. juli 1911, og det enda med at ho vart utsett til første møte i 1912. Då saka kom opp att 12. februar 1912, godtok heradsstyret kostnadsauken. 20 stemde for og 4 var imot.

Når auken (kr. 1 000) skulle utbetalast, vart derimot eit viktigare stridsspørsmål. Det låg føre to framlegg: 1922 eller utgangen av 1925. Resultatet vart at utbetalinga skulle skje innan utgangen av 1922.

Berghammar ved Gjerde der årstalet 1914 var meisla inn, men dette er seinare fjerna. Foto Helge Pedersen

Det meste av vegarbeidet vart utført av grunneigarane. Kvar grunneigar fekk ansvar for sitt stykke etter matrikkelskuld. Etter fire års strevsamt arbeid var vegen ferdig, og grunneigarane meinte og syntes at dei hadde gjort godt arbeid. Men amtingeniøren var ikkje var samd i dette då vegen skulle overtakast 27. juni 1915. Spesielt var han misfornøgd med grøfting og arbeidet med skråningane. Grunneigarane måtte difor utbetre manglane før den endelege overtakinga kunne skje 23. august 1916. Det var no vegutløysing mellom Tjugum og Esebotten. Ei grend og ein skulekrins hadde fått veg. Den nye vegen var også viktig for seinare oppdyrking og seterdrift i Esebotn. I dag er denne blomstringsperioden historie. Anna Hatlem hugsar til at årstalet 1914 var meisla inn i ein berghammar ved garden på Gjerde, men årstalet er i dag fjerna.

Del 3. Frå Kaldebekken - Simuri

Vegen mellom Tjugum og Esebotn enda i 1916 opp ved Kaldebekken. Mellom denne bekken og Simuri er berre nokre hundre meter. Også denne parsellen vart opparbeidd i privat regi. Arbeidet gjekk føre seg i perioden 1915 -1928, men framdrifta var noko ujamn. Det var grunneigarane på nordsida som stod for det meste av arbeidet. Offisielt er det ikkje funne noko om denne vegparsellen, men framføringa var viktig, t.d. for oppdyrking av jordbruksareal i Esebotn. Vegen mellom Kaldebekken og Simuri var ferdig i 1928. For å unngå merknader frå amtsingeniøren vart fleire røynde vegarbeidarar nytta i sluttfasen. Skråningane og grusing av vegbanen måtte vere perfekte denne gongen.

Del 4. Esebotn og Ese

Arbeidet mellom Kaldebekken - Simori og Esebotn - Ese fell i tid nokolunde saman. Arbeidet mellom Esebotn og Ese tok truleg til omkring 1921. Første gongen vi finn noko om dette veganlegget er i formannskapsprotokollen for Balestrand 30. januar 1925: ”Søknad fra R. Knoff, Sigurd Kvikne, O.Tjugum m.fl. um ei pengeløyving av kr. 2.500,- til vegen Ese-Esebotten. Med denne summen meiner søkjarane aa faa dette veganlegget fullført.” Då tidlegare kalkyle var på kr. 27.500, var dette eit svært optimistisk overslag. Men kanskje var taktikken å framføre vegen bit for bit?

I motsetnad til arbeidet på vegparsellen mellom Tjugum og Esebotn, vart alt arbeidet mellom Esebotn og Ese utført i offentleg regi. Godt gamaldags vegarbeid vart utført, og mange bønder frå begge sider av fjorden tok seg akkordar der inne. I tillegg kom det også akkordlag frå Lavik og Hafslo.

Eit historie knyter seg til den siste akkorden. Det stod att 30 m mellom den nye vegen og den gamle vegen frå 1885. Ivar Tjugum hadde teke på seg dette arbeidet, og med seg hadde han Magnus Lunde. Nokre karar frå Ese hadde møtt opp for å sjå på korleis arbeidet vart utført. Kanskje likte ikkje Tjugum-bonden at arbeidet vart ”vurdert” på denne måten, men det har seinare blitt fortalt at orda fall slik: ” Di er noko flinke kara di frå Ese, no må vi ”bortaføringadn” koma å arbeide veg til dikka.” Dette likte Ese-karane dårleg. Både hakke og spade kom fram i ein fart og arbeidet gjekk verkeleg unna. Men det Ese-karane ikkje viste, var at denne akkorden vart sett ut på vanleg måte og ikkje som dugnadsarbeid. Seinare sa Magnus Ludne om denne hendinga: ” Det var den best betalte akkorden som vart utbetalt på heile vegen rundt Esefjorden.”

Men vegen vart ferdig, og overtakinga skjedde 7. desember 1929. Skal vi tru referatet, måtte det ha vore lite snø denne vinteren: ” Under befaringen blev det gjort følgende bemerkninger: 1. Det ytterste og det inderste parti blir å pusse med litt god grus. 2. Ved ”Merkeskredet” renses grøften.”

Vegen mellom Ese og Esebotn var fullført. Den mykje etterlengta køyrevegen rundt heile Esefjorden var realisert. 85 år hadde det no gått sidan formannskaps- og representantskapsmøtet på Hermansverk 1. oktober 1844 vedtok at det skulle opparbeidast sti rundt Esefjorden.

Kva framsteg førte den nye køyrevegen til? Kanskje svaret kan oppsummerast i tre punkt: - Fri ferdsel rundt fjorden både for turistar og bønder. - Gardane på nordsida vart knytt nærare Holmen og dei var ikkje lenger avhengige av båttransport over Esefjorden. - Lettare tilkomst til jord- og utmarksområde rundt Esefjorden for transport av t.d. lauv og ved.

Skirenn rundt fjorden med målpassering i Holmen Foto: Richard Knoff

I tillegg til desse framstega var også vegen godt eigna når bygda skulle arrangere sitt årlege skirenn. Det første skinrennet i konkurransen Esefjorden Rundt var 1. mars 1931. Ski kunne ein kjøpe av treskjerar Høyvik for kr. 10 per par. Skirennet starta frå ”Tjugabryggja” på Tjugum. Dei som kom frå Holmen vart skyssa over i båt. I 1931 deltok det 14 skiløparar. Løypa gjekk etter vegen, over issvullar og hestelortar. Dei som smurde med tjøre var nok ikkje så blide på hesten.

Kjelder

  • Arne Melkild (1983) Bygging av Esefjordvegen i Balestrand. ½-års tilleggsstudium i lokalhistorie. Semesteroppgave, våren 1983, Sogn og Fjordane distriktshøgskule.
  • Programbladet Esefjorden Rundt 2007. Maria Gjerde Ese om buføring frå Esebotten opp Yglebotn.
  • Programbladet Esefjorden Rundt 2007. Maria Gjerde Ese og Anna Hatlem fortel om tidlegare aktivitetar i Esebotn.
  • Programbladet Esefjorden Rundt 2006. Atle Instebø og Jens K. Ese fortel om tidlegare bruk av utmarka rundt Esefjorden.