2009 Esefjordvegen - vegen ut i den store verda

Kva har det skjedd med vegen rundt Esefjorden i nyare tid ? Vi får Anders Skrenes til å fortelje. Anders har køyrt rundt Esefjorden fleire gonger enn dei fleste av oss.

Eg er no pensjonist, men eg har køyrd lastebil i 48 år. Gjennom desse åra har det vorte mange turar rundt fjorden - anten det gjaldt snøbrøyting, transport av sand frå Dale, frukt, bygningsmaterial eller isopor frå Nesseplast. Dersom eg skulle rekne opp alle køyreoppdraga eg har hatt rundt Esefjorden, ville lista ha blitt temmeleg lang.

Med den nye bilen fekk Olav Skrenes berre køyre med halv last.
Den første lastebilen i Balestrand. Olav og Anders Skrenes med ved i Holmen Eigar: Anders Skrenes

Eg var født på Skrenes. I 1938 kjøpte far min den fyrste lastebilen i Balestrand. Bilen var ein amerikansk Dodge med 73 hk, den var 1,86m brei og hadde ei nyttelast på inntil 1500 kg. Men vegen rundt Esefjorden var ikkje laga for tungtransport, og difor fekk far min ikkje laste meir enn halvt lass. Heradsstyret i Balestrand gjorde vedtak om dette den 8. juli 1938: ”Skriv fraa vegkontoret vedkom. køyreløyvet med lastebil til Olav Skrenes. Vedtak: "Heradsstyret vil telja til at det vert gjeve Olav Skrenes løyve til aa køyra den kjøpte bilen med ½ last.”

I tillegg til vanleg vegvedlikehald vart bilen nytta til snøbrøyting rundt fjorden. Men ved snøfall fekk ikkje far brøyte før det var kome minimum 10cm snø. Dette var fordi det skulle vere mogeleg å køyre med hest og slede rundt fjorden.

Å utføre snøbrøyting rundt Esefjorden var ikkje heilt ufarleg. Eg hugsar ein gong då Hølskreda hadde gått heilt i vegen. Far min hadde med seg folk frå vegvesenet for å opne vegen att. Det hadde det kome mykje snø denne vinteren, og snøfonna denne gongen var stor og oppryddingsarbeidet tok tid. Ut på dagen tok det til å regne og skredfaren vart større. Mørket seig på og frå Skenes såg mor at lastebilen framleis stod inne i skredområdet. Endeleg såg ho at billysa bevega bort frå det farlege området og mot Holmen. Men bilen var ikkje komen lenger enn til Esebotn sæterhytte (200m) før Hølskreda på nytt kom rasande nedover. Fonna trefte først vegen og gjekk deretter ut i sjøen. Det gjekk godt, men det var nære på.

Timeliste for "Grusningsarbeid" i juni 1944. Olav Skrenes er oppført med bil og Lars L. Ese med "Hest og mand" Eigar: Ole Magne Bale

Fleire vegprosjekt i regionen førte til auka trafikk rundt Esefjorden. I 1938 vart vegen over Gaularfjellet opna og i 1951 var vegen mellom Vetlefjorden og Dragsvik ferdig. Fleire og større bilar kom til og førte til at vegen rundt fjorden måtte utbetrast. Brått ein dag braut ein ukjent dur, stilla mellom Esefjordfjella. Alf Gjørven frå Sogndal sin gule Catepillar bulldosar vart sett inn i vegarbeidet. Bulldosaren starta frå Holmen og arbeidde seg sakte innover mot Esebotn. Fleire av vegarbeidarane var skeptiske til dette ”udyret” som no braut seg gjennom ur og flytta store steinar utan problem. Dette var ein arg konkurrent til det manuelle og tradisjonelle vegarbeidet. Eg hugsar godt den dagen då den gule bulldosaren kom. For meg var dette mykje meir spanande enn å gå på skulen. Til slutt fekk mor meg av stad, men ho måtte love at bulldosaren skulle vere på plass etter skulen.

I 1954 kjøpte far ein større lastebil. Det var ein Ford som var 42 cm breiare enn den gamle. Sjølv om vegen hadde blitt utvida nokre stader, var det framleis att smale vegparti. Spesielt hugsar eg det var vanskeleg å passere over brua i Ese. Eg har blitt fortalt at ein turistbuss køyrde seg ein gong fast ved Grøneng. På oppsida av vegen var det ein høg og bratt mur, og på nedsida var det batt. Sjåføren som ikkje var fortruleg med slik vegstandard, nekta å køyre turistane vidare. Ein lokal bussjåfør måtte bodsendast i Holmen. Han kom, fekk bussen laus og køyrde turistane rundt fjorden til Holmen.

Gamlevegen var grusveg og det var stadig behov for grus til vedlikehald Eigar: Turid Farnes
Fleire år var knuseverket ved Kjenes, men her plassert i Hamrane Foto: Anders Skrenes

Framleis var det grusveg rundt fjorden, og det var behov for mykje grus for å halde vegen ved like. I fleire år stod det eit knuseverk ved Kjenes. Knuseverket forsynte vegen med grus. Etter at massen var knust gjekk den på eit transportband oppi siloar. Desse var plassert såpass høgt at det var mogeleg å rygge lastekarmen innunder. Nokre av vegvaktarane var pinleg nøye med at grusen skulle tippast jamt utover vegen. Dersom dei ikkje var nøgde med resultatet, fekk sjåføren klar beskjed. Knuseverket kunne demonterast, og eg var ofte med når knuseverket skulle transporterast til andre stader.

Vegen mellom Balestrand og Kongsnes og ferje mellom Kongsnes og Nordeide vart opna i 1971. Dette ville føre til meir trafikk rundt Esefjorden og nye utbetringar var nødvendig. Den største utbetringa skjedde mellom Tjugum og Bakkeviki. Trasévalet skapte stor lokal debatt, men det enda med at vegen no vart lagt langs sjøen. Eg hugsar godt til oppstaren på dette arbeidet, og dei første lassa med masse køyrde eg frå Tussviki (Nessane). Elles vart det transportert masse til denne parsellen både frå Kjenes og frå nærområdet. At 18 naust måtte vike for den nye vegen, førte òg til stor lokal motstand. Det spørst om denne traséen hadde blitt valt i dag.

Frå 1,5 til 15 tonn. Det var stor skilnad frå den første til siste lastebilen til Anders Skrenes Eigar: Anders Skrenes

I løpet av desse åra har eg mang ein gong stått på Hella og sett på dei storslåtte fjella som omkransar Esefjorden. Det har vore stille sommarkveldar eller vinterkveldar med vakkert månelys. Heilt sidan eg var liten gut var vegen rundt Esefjorden den som førte meg ut i den store verda, men like viktig var at den også førte meg heim att.