2008 Esebotn - dyre og folkeliv i 1940 åra

Året 1940 var spesielt. Eg var berre ei småjente på 3 år dette året, men likevel har visse minne brent seg fast for alltid.

Det var det året krigen braut ut. Far min laut møte i Valdres for å forsvare landet. Mor hadde eit nyfødt barn – yngste bror min vart fødd i mars det same året. Fjøset på Gjerde stod fullt av geiter, sauer, kyr, 2 hestar, griser og høner, medan stølen vår i Esebotten låg sletta med jorda. Eit snøskred hadde rasert alt, ført med seg stein og grus og hadde nærast grave ned det meste der inne.

Dei vaksne snakka om at det var godt dei fekk redda ut dei to bilane til ” Balestrand Auto” som stod der inne, før skreda kom. No laut det byggast opp att eit nytt stølshus til dyra skulle ut og buførast til Botten i slutten av mai. (Esebotten vart til dagleg kalla Botten).

Ein dag sa far at no reiser me alle saman til Botten og ser kvar me skal bygge opp det nye selet. Far, mor med veslebroren og me andre syskena sette oss i robåten. Den gongen var sjøen mest ei like viktig framkomståre som vegen, og alle stølane i Botten hadde kvar si båtstø.

Eg tykte det var langt å gå på mine korte bein heilt frå båtstøa og opp til Busetereina, der far hadde funne ut at det nye selet skulle stå. Dei andre syskena som var eldre enn meg, gjekk mykje lettare og fortare tykte eg. Men då me var komne opp, var alt berre kjekt. Då leika og sprang me på ei lita slette der. Mor hadde laga nistekorg og etter ei stund sette me oss på steinar rundt korga og åt og kosa oss.

Stølshuset ved Busetereina var ferdig i 1941. Seinare vart det stadig gjort forbetringar. Raset 22. januar 1994 førte til store skader på huset. Foto: Maria Gjerde Ese

Me høyrde at far og mor prata om planane framover, noko me yngste ikkje forstod oss så mykje på, men me skjønte at far hadde ordna med material og arbeidsfolk. Snikkaren var Albert Skrenes med hjelparar.

Seinare såg me at stølshuset vaks opp og vart høgt og stort. I slutten av mai var det stølsliv i Esebotten att, med ysting og kjerning. Det var to budeier: Ingebjørg og Janna. Ingebjørg hadde ein fin grå katt som følgde henne kvar ho for. Den heitte ”Fjellgutten”.

På den tida hadde Gjerde også ein støl ved Kaldosvatnet i Langedalen, og i juli månad bufòr budeier og heile buskapen dit opp. Det var ein lang og strevsam tur for både folk og fe. Først opp den lange Yglebotten, deretter forbi Soleibakkane og så opp det hardaste stykket Krokane som var så bratt at nasen nesten streka. Så var ein på høgda og det bar nedover langs 6 fjellvatn til ein kom til Kaldosstølen som låg mellom Langevatnet og Kaldosvatnet. Denne turen tok ein heil dags gange. ”Fjellgutten” fylgde flittig med heile vegen, men for kyrne var det vanskeleg å fare gjennom Yglebotten og opp Krokane, så dei laut buførast opp frå Fjærestad i Holmen og over Munkeggi.

Som regel var dyra oppe i fjellbeitet fram til august/september. Dette var i krigsåra. Eg var for ung til å vere med til Langedalen, men mor mi og dei eldste syskena mine var stundom oppe og hjelpte til så budeiene fekk litt avløysing. Syster mi, Turid var på Kaldosstølen ein heil sommar. Ho hadde som fast jobb å vaske opp att mjølkebytter, sil og klutar m.m.

I geiteflokken hadde me også leigdegeiter. Eg kan hugse at Johannes og Ågot Bale hadde ei geit som vart sleppt saman med geitene våre om sommaren. Men geita ville ikkje slå seg til dei andre geitene. Ho var berre van til kyr, ho stakkar, og følte seg heilt bortkomen i geiteflokken. Difor fylgde ho med kyrne på beite og der dei for, og ho vart difor kalla ”Kyrageita”. Budeiene fortalde at sidan Langevatnet i Langedalen var så grunt, vassa kyrne stundom over på den andre sida av vatnet og beita der. ”Kyrageita” følgde etter, men midt utpå vart det litt for djupt for henne, så då såg dei berre att toppane av horna. Men snudde gjorde ho ikkje, og ho kom seg over.

1945 framfor selet på Kaldosstølen som stod mellom Langevatnet og Kaldosvatnet. Frå høgre mot venstre: Anders Gjerde, Randi Gjerde, Turid Gjerde (9 år), Ingebjørg Nese (Arnafjorden), Gustav Colleander, Ingeborg Colleander, Liv Indrebø, Ole Henrik Indrebø, Janna Bjelde (Aurland), Lars Gjerde, Svein Indrebø og Alfred Colleander. Gustav Colliander var damvakt på anlegga i Eriksdalan. Han og kona Ingeborg budde ved Roesvatn. Eigar: Turid Farnes/Fylkesarkivet

I 1946-47 vart det heilt slutt på stølsdrifta på Kaldosstølen. Det vart for strevsamt og vanskeleg, og for langt å buføre. Dårleg og ustabilt ver gjorde også sitt. Fjellet er ikkje til å spøke med når uveret set inn.

Ved siste buføra heim frå Langedalen viste fjellet seg frå si dårlege side. Heimreisa var førebudd og alt var klart. Denne sommaren hadde dei vore tre personar til å passe og stelle buskapen: Ingebjørg med pusen ”Fjellgutten”, Janna og Per. Desse tre saman med far skulle fylgje dyra heim til Gjerde. No gjekk dei og drygde turen i von om at veret skulle bli betre, men det vart det ikkje. Tvert imot tok det til å snøa på fjelltoppane, og det auka berre på. Vind, regn og hagl piska kring selnovene. Far, som var husbond og ansvarleg, vågde ikkje å setje over fjellet med buskapen i dette veret. Samstundes skjøna han at det tok til å haste med å kome seg ned frå fjellet, difor bestemte han seg for å ta kortaste vegen ned frå fjellet og snøen. Han ville heller gå langs fjorden der det var snøbart. Difor bar det ned til Lånefjorden og vidare innetter strendene.

Den gongen var det berre ein opparbeidd gangveg langs fjorden mot Balestrand, men den var god å gå både for folk og geiter. Men langt var det, det kan kvar og ein tenkje seg som er kjende i dette området. Først ned frå Langedalen til Lånefjorden, deretter frå Lånefjorden til Balestrand og vidare rundt Esefjorden til Gjerde.

Heime gjekk mor og var uroleg. Ho såg opp mot fjella der snøen la seg på toppane og nedetter fjellsidene. Far hadde varsla ho om det som skulle skje der borte i fjella, men likevel fekk ho ikkje folk og dyr ut or tankane.

Til slutt kom ho på at ho skulle ringe til Kristen Lønne i Lånefjorden og spørje om han hadde sett noko til geitene. Då såg me at ho lyste opp. ”Ja”, svara han, ” Her for forbi ei skrei med geiter som ingen ende ville ta, ei og ei, nett som dei var tredde på ei snor.”

No vart der glede i stova på Gjerde, kaffikjelen kom på og roa senka seg. Men det var enno langt att å gå. Det vart seint på kvelden og me yngste syskena måtte gå og leggja oss. Dei eldste fekk gå til møtes med følgjet. Dei fortalde etterpå at då dei trefte dei på vegen, var Janna og Per så slitne at dei gjekk og stødde seg til kvarandre.

Om morgonen fekk vi yngste det travelt med å kome oss i geitefjøsen for å sjå på geitene. Ingebjørg og ”Fjellgutten” var med oss. Dei var nok både trøytte og medtekne etter den lange ferda. Det var geitene og. ”Sjå, dei har gangsperr”, sa Ingebjørg. ”Det har eg ikkje sett at geiter har hatt før”, sa ho.

Neste sommar var det inga buføring til Langedalen. No var det mor mi som skulle vere budeie i Esebotten, og me ungane skulle skiftast om å vere hjelparane hennar. Men det viste seg fort at geitene ikkje hadde gløymt Langedalen, og dei ville bort dit att. Difor laut eldste bror min og eg følgje dei på beite og passe på at dei ikkje fekk stikke over fjellet. Den sommaren var eg gjetar saman med bror min.

Det var stundom langsame dagar. Kaldt og ufyseleg var det også stundom der oppe i fjella. Då fann me på å lage ei hole under ein stor stein. Me mura vegger med mindre stein, og tetta til med blom. Då vart det lunt og godt der inne. Dette var på ein plass fremst på Kvangrehaugen der geitene laut passere for å kome over fjellet, og difor laga me opning og inngang mot geitestien. Slik kunne me sjå geitene og snu dei når dei kom og ville framom.

Når det leid mot kveld og mjølketid, og geitene var på heimveg, tykte bror min ofte at det gjekk litt seint nedover. Då hende det at han bad meg følgje geitene, så han kunne springe og forte seg for å nå avtalar med kameratane. Spesielt var det viktig å nå fotballtreninga nede i Botten.

Søndagstreff på fotballbana i Esebotn. Biletet er frå bakken over bana, 1949/1950. Bakre rekke frå venstre: Ola Wergeland(frå Bergen som ferierte i Gjerde), Steinar Grøneng, Anders Grøneng, Inge Grøneng, Odd Kristian Grøneng og Asbjørn Grøneng. Framme frå venstre: Bjørg Hovlandsdal, Maria Gjerde, Gunstein Grøneng, Arne Skrenes, Oddvar Rauboti (dreng hjå Sigurd Gøneng), Einar Kristoffersen (dreng i Gjerde), Kolbjørn Kaste (dreng på Tjugum), Helga Hovlandsdal, Synneva Gjerde. Eigar: Maria Gjerde Ese

Det var mykje liv og røre i Esebotten på den tida. På dei fleste stølane var der dyr og budeier. Her var og ein naturleg møteplass for ungdomane. Fotball- og handballaga hadde sine faste treningskveldar der, og om helgane vart det ofte spelt kampar på bana der inne.

Me på Gjerdestølen oppe på Busetereina hadde nytt, stort og godt stølshus og der var kyr og geiter og eit levande stølsliv kvar dag. Heldigvis forstod geitene etter kvart at det var i Esebotten dei skulle vere heile sommaren og ikkje i Langedalen, så gjetinga kunne me difor slutte med.

Killingane fekk ikkje vere med geitene i Esebotten. Dei fekk mjølk av kopp til dei greidde seg sjølve. Seinare vart dei fleste slakta. Frå venstre: Maria Gjerde, fru Skogstrand (budde i Gjerde under krigen), Leif Kåre Gjerde (bror til Maria) og Synneva Gjerde (syster til Maria) Eigar: Maria Gjerde Ese

Geitene kom kvar dag ”tunge, trette, gode og mette”, til stølsvollen og ville la seg mjølke. Etterpå la dei seg til å gjorte og kvile. Det såg ut som dei hadde det godt. Dei andre dyra som beita i Esebotten levde også eit fredeleg og avslappa liv. At hestane likte seg godt der inne, gav dei tydeleg uttrykk for når ein skulle hente dei heim for å gjere gagns arbeid. Bror min opplevde det ein gong han skulle hente hestane til tørrhøykøyring heime på Gjerde. Hestane gjekk og beita nede ved båtstøene, men då bror min kom med grima og skulle setje den på, trekte hestane seg unna, dei vassa ut i sjøen og sumde over til Kjenes. Han laut berre ta beina fatt og gå rundt Botten og bort på den andre sida til Kjenes, men då han på nytt tok fram grima, slengde hestane med hovudet og strauk hovmodige til fjords att og sumde attende til båtstøene.

Ei liknande historie opplevde far min ein gong han skulle frå Gjerde til Esebotten. Han hadde spent føre hesten (merra) og dreiv og leste på kjerra ting han skulle ha med seg. Dette tykte visst merra gjekk litt langsamt, og medan far snudde seg for å hente noko, stakk ho av og sprang i rask trav mot Esebotten. ”Ja, ja”, tenkte far, ” Ho stoppar ved Skrenesgrinda”. Den gongen var det grinder med visse mellomrom inn over mot Esebotten. Men då far kom til Skrenesgrinda , stod det ein gut der og heldt grinda open. Han skulle til å ta den att, og merra sprang lett og glad vidare. ”Kva har du gjort ?”, sa far. ”Eg tenkte ….” Men då var far lei og arg. ”Du tenkte, du din ….”, sa han, og hasta etter merra.

Killingar heime i Ese. 1948 eller 1949. Maria Gjerde og hunden Møy. Desse killingane skulle få leva opp. Eigar: Maria Gjerde Ese

Me på Busetereina likte oss også bra i godveret. Sjølv om eg kan hugse at eg stundom lengta heim til syskena mine og badelivet i Gjerde.