2007 Dampen som demokratiserte

Balholm er ein av dei mest attraktive overnattingsstadene i Norge. Bygda ligg vakkert til der Sognefjorden er både open og breid. Dessutan ligg Balholm midt i mellom den sørlege og nordlege delen av ”The Grand Tour in Norway”. For dei som treng ein pause i reisinga, finst det ikkje noko betre enn å stogga her. Balholm er ikkje berre ein hyggjeleg plass i seg sjølv, men er også innan rekkevidde frå mange andre fine stader. Det går ikkje ein dag utan at ein dampbåt kjem innom, og kommunikasjonane vert nok betre og betre etter kvart som Balholm veks seg større. Men nett no er Balholm urørt mark for turistar med god tid. Lufta er frisk, her er mange fine, men uutnytta muligheiter for å lage stiar i skogen, og ein kan tøffe rundt med båt og fiske sjøaure og fin kvit fisk i fjorden her. Så sjølv om muligheitene i Balholm kan virke forlokkande, håpar eg ikkje det kjem ein stor spekulant og forvandlar Balholm til ein bråkete turiststad med svære hotell, kasino, danseorkester og store konserthus.

Slik skildrar den engelske turisten Goodman Balestrand. Han reiste aleine rundt i Norge to gonger, stort sett med rutebåtar og hesteskyss. I 1895 kom han med rutebåt frå Gudvangen, og i Balestrand tok han inn på det nybygde hotell Balestrand. Han prøvde først å få rom på Kvikne’s hotel, men tykte det var litt for fullt der. I skildringa lovprisa han den vakre tenestejenta, medan han tykte mindre om den noko tungsindige verten. Sitatet er henta frå reiseskildringa han publiserte i 1896, ei av dei mange reiseskildringane som stammar frå Norge på denne tida.

Norge på mote

På slutten av 1800-talet hadde såkalla ”pleasure cruises” til Norge vore på moten blant dei mest velståande både i og utanfor Europa dei siste tiåra. I 1890-åra herska ein ordentleg cruisefeber. Men kvifor snudde turiststraumen frå varme Sør-Europa til det kalde og ugjestmilde Norge ? Her i landet var reiselivet framleis ei ung næring og baud på mange utfordringar. Forklaringa var at dei klassiske reisemåla på kontinentet var overfylte.

Dessutan skapte krigar og pestar utrygge forhold for dei reisande. Overklassen hadde byrja å sjå seg om etter nye reisemål. Norge lokka med ein vill natur, frisk luft og reisemål som enno ikkje var innteke av hordane. Såleis passa vestlandsnaturen og dei ville fjella rundt Esefjorden godt inn i turistane sine krav. Kroningsferda til kong Oscar II i 1873, der han vitja Nordkapp-platået saman med utanlandske journalistar og statsmenn, utgjorde startskotet for turistskiptrafikken. Omtalen av turen i inn- og utland skapte mykje merksemd rundt Norge, ”Midnattsolens land”, som eit potensielt reisemål. Inspirert av signingsferda arrangerte britiske Thomas Cook, som opna verdas første reisebyrå i 1848, den aller første organiserte selskapsreisa til Nordkapp i 1875.

Flaum av reiseskildringar

Det finst svært mange utanlandske skildringar av reiser i Norge. Berre på 1800-talet vart det trykt mellom 1000 og 1500 slike forteljingar. Sjangeren var populær fram til første verdskrig, seinare vert litteraturen heller utvatna. Tekstane er morosam lesing med mange artige skildringar av lokalmiljø, folk og fe. Samstundes har forfattarane ein tendens til å overdrive farefulle situasjonar og setje seg sjølv i fordelaktig lys.

Difor må ein ta tekstane med ei klype salt. Eit døme er britiske Lynham som vitja Balestrand i 1911 med sin private seglbåt. I boka ”To Norway and the North Cape in Blue Dragoon II 1911-1912” skriv han om den farlege fjellturen frå Esebotn og opp til breen” på om lag 2000 fot, dit eg sjølv ikkje nådde, dit berre ungdomen klarte å gå”. Her kan vi godt førestille oss at han overdriv. Ein fottur til til dømes Keipen kan rett nok by på utfordringar, men det er også svært sannsynleg at forfattaren smørde tjukt på. Reiseskildringane frå tida før 1875 handla om heller strabasiøse ferder. Norge var eit reisemål for dei dristige. Med dei flytande hotella vart det også publisert reiseskildringar som fortalde om komfortable reiser utan språklege hindringar, penge- eller skyssproblem.

Dampen som demokratiserte

Sognefjorden hadde lenge vore besøkt av representantar frå overklassen, kunstnarar, eventyrar og fjellklatrarar. Med turistskiptrafikken vart Sognefjorden eit reisemål for fleire enn før og dei flytande hotella representerte ein tidleg form for masseturisme. Flytande hotell er kallenamnet på turistskip og ifølgje reklamen skulle dei ha same komfort og luksus som på eit kontinentalt hotell. I 1906 var over ein fjerdedel av sommargjestene i Norge cruiseturistar. Av 30 000 turistar kom ca. 5000 med norske ruteskip, ca. 7000 med utanlandske og ca. 8000 med cruiseskip. Resten kom med jernbana til hovudstaden.

Dampskipsteknologien opna for billegare og raskare reiser, og dampskipa skapte såleis ein prisrevolusjon. Skipa var ein enkel måte å frakte mange turistar på. Dampkrafta førte til også faste og pålitelege reiseruter, i motsetnad til seglskip som var avhengige av vindforholda.

Den nye middelklassen som vaks fram på slutten av 1800-talet hadde fritid og midlar til å reise. Med dei flytande hotella var det som den britiske turisten Campion skriv så treffande: Alle som har 14 dagar ferie kan no få med seg dei viktigaste attraksjonane i Norge.

Dei flytande hotella var også ein svært enkel reisemåte. Reisebyråa og dampskipsselskapa organiserte turane. Alt ein behøvde var å gå om bord, pakke ut og setje seg på dekk og la landskapet passere som ein revy. Blant passasjerane på skipa var det også mange kvinner, mange i lag med ektemake og familie, men opplegget gjorde det også mogleg for dei å reisa på eiga hand. Kapteinane opptredde ofte som reine turistvertar og Det Bergenske Dampskibsselskap sette ofte krav om framandspråk til kapteinane på turistbåtane. I tillegg til prisnivået betydde altså den forenkla reisemåten at fleire sosiale sjikt enn før kom til Vestlandet og Sognefjorden på slutten av 1800-talet.

Variert tilbod

Med turistskiptrafikken oppstod eit variert tilbod for dei reisande, t.d. luksuriøse cruise i 3 veker eller kortare rundturar på 1-2 veker. Utanlandske turistskip har vorte omtala som gamle rustholkar sett i fart over Nordsjøen for å frakta flest mogleg. I England var det til dømes overskot på utraderte frakteskip som pla gå til Orienten. Med dampmotor kunne til dømes reiarlaget The Orient Line no tilby rimelege turistreiser til Norge.

Framleis var det mange industriherrar, baronar, embetsmenn og andre velståande reisande blant passasjerane, men mange tilhøyrde eit mindre bemidla sosialt sjikt enn tidlegare generasjonar reisande. No fanst det også prisklassar for kontoristar og lærarar som ville spare frå 5 til 10 shilling i veka og betale 7 til 12 pund for eit krysstokt til dei norske fjordane. Med skotske St. Rognvald kunne ein til dømes i 1886 få ei 10 dagar lang reise til vestlandsfjordane for 10 pund.

Eit anna døme var skipa til norske B & N Line (Det Bergenske og Nordenfjeldske Dampskibsselskap) der ein kunne reise ganske rimeleg. Post- og passasjerskipet Venus, som trafikkerte Englandsruta, vart kvar vår kvitmåla og gjort om til eit delikat og luktfritt turistskip. Venus hadde plass til om lag 70-80 passasjerar. Ein rundtur frå Trondheim til Nordkapp og retur kosta mellom 250-300 kr både i 1889 og i 1912. Prisen inkluderte ”full bespisning, kaffi, te og ei halv flaske vin til middag, samt drikkepengar”.

Keisar Wilhelm sine norgesreiser frå 1889 innleia epoken med dyre cruise med dei store nordtyske skipa som Auguste Victoria, Columbia, Normannia og Blücher: 3 vekers cruise langs norskekysten inklusiv eit besøk på Svalbard. Passasjerane fekk luksuriøs forpleiing med overdådige måltid. Dessutan var dei nyaste oppfinningane som elektrisk lys og innlagt vatn i lugarane. Spisesalane var vakkert utsmykka og eit eige orkester var om bord. Desse store nordtyske turistskipa tok nok mykje av merksemda frå andre skip som vitja Norge. Skipa kunne ha om lag 400 passasjerar og eit mannskap på eit par hundre i følgje reiseskildraren Elias Haffter.

Det var ikkje berre vanlege pakketurar som førte utanlandske turistar til fjordane våre. Truleg var ”The Polytechnic Association” i London ei følgje av britisk cruisefeber. Polytechnic var eit ideelt føretak, støtta av filantropar og oppretta for å gje unge handverkslærlingar allmenndanning. I samarbeid med turoperatøren Th. Cook gjekk Polytechnic inn for å arrangere rimelege sjøreiser til Norge. Dei leigde det norske skipet Fridtjof og Albano, eigd av veteranen i skandinavisk farvatn The Wilson Line. Reisene vart ein suksess og seinare kjøpte Polytechnic ”Ceylon”, som ikkje lenger stetta krava frå rike turistar. Vidare fanst det og avhaldsforeiningar og kristelege organisasjonar som leigde skip og arrangerte rimelege norgesreiser. Eit litt spesielt fenomen er dei såkalla Kraft-durch-Freude-skipa som kom på 1930-talet. Dei vart omtala som spøkelsesskip som berre segla gjennom fjordane utan å stogge ein einaste stad. Turane var eit kultur- og fritidstilbod for tyske arbeidarar arrangert av nazistane sin Deutsche Arbeitsfront.

Sognefjorden vart tidleg eit reisemål

Sjølv om Nordkapp var eit hovudtrekkplaster, var også vestlandsfjordane populære allereie frå starten av. Tronge fjordar, brear, fossefall og ville fjell var absolutt noko for utanlandske turistar. Reiseruta gjekk hovudsakleg til Hardangerfjorden, Bergen, Sognefjorden, Mørebyane, Hjørundfjorden og Geirangerfjorden. Eit besøk i Trondheim avslutta rundturen. Sognefjorden vert i reiseskildringane omtala som ein av dei viktigaste og vakraste fjordane som ein bør ha sett.

Keisartrappa ved Balholm. Turustar som går ombord frå Keisartrappa. Eigar: Per Kvikne/Fylkesarkivet

Balestrand var truleg ikkje ei fast anløpshamn før i 1920-30-åra, tida som vert kalla ”turistskiptidi” i Balestrand. Men i dei gamle reiseskildringane vert Balestrand nemnt som vakker turiststad, då spesielt på grunn av Kvikne’s hotel. Truleg stogga enkelte skip der. Tyske Karl Lausberg følgde det norske skipet ”Kong Harald” på ein rundtur frå Hamburg til Nordkapp i 1912. Dette skipet tilbaud passasjerane eit kort opphald i Balestrand. Lausberg spaserte utover mot Balahaugen og fortel at han passerte ei vakkert engelsk kyrkje. Alt i alt let han let vel om bygda, men tykte det var litt for få benkar langs med vegen.

Per H. Ese er vegvisar for eit tysk ektepar til Keipen etter første verdskrigen. Eigar: Hallstein Ese /Fylkesarkivet

Målet med å segle innover Sognefjorden var nok å få eit glimt av Jostedalsbreen, segle inn den smale Nærøyfjorden og reise oppover den imponerande Nærøydalen. I Gudvangen kunne passasjerane delta på ein organisert tur til Stalheim hotell der dei også fekk lunsj. Landturane vart ofte til i eit samarbeid mellom reiarlaget og F. Beyers reisebyrå i Bergen. Eit alternativ var å reise med tog frå Bergen til Voss, ta hesteskyss til Stalheim hotell og vidare til Gudvangen der passasjerane møtte att skipet. Nokre passasjerar valde å rusle rundt på eiga hand, klyve opp på ein fjelltopp, sjå seg om i grenda og fotografere lokalbefolkninga. Dersom dei fekk sjå eit brudefølgje var det eit høgdepunkt. På denne tida var den handhaldne Kodak’en komen, eit fotografiapparat for amatørar.

Anna Mundal i rolla som mor til brura under eit arrangert bryllaup for turistane ombord i R.M.S "Caronia" i 1951 Eigar: Margny Kvikne/Fylkesarkivet

Vangsnes var også ein viktig stad for mange tyske reisande. Når dei seglar forbi, kommenterer dei ofte at Vangsnes var åstaden for den kjende sagaen om Fridtjof den frøkne. Esaias Tegnér si saga frå 1830-åra var godt kjent i Tyskland. Der rådde det på denne tida tankar om eit blodsfellesskap mellom nordmenn og tyskarar. Difor var tyskarane ekstra opptekne av å kunne sjå spor etter det urtyske i det norske. Born dei møtte langs vegane vart til dømes omtala som små Ingeborg’ar og Fridtjof’ar.

Keisar Wilhelm som marknadsførar

Keisar Wilhelm var for mange tyskarar ein attraksjon i seg sjølv. Han ferierte i dei norske fjordane nesten kvart år frå 1889 til krigsutbrotet i 1914. Keisar Wilhelm vart humoristisk omtala som ”reise-keisaren”. Keisar Wilhelm IR skulle stå for ”immer Reiseklar”, vart det sagt. Fleire tyskarar reiste på Norgescruise i håp om å få oppfylt forventningane om eit møte med keisarskipet. Dei mest prominerte gjestane kunne også håpe på å bli invitert til eit møte med keisaren sjølv. Kapteinen på dei tyske skipa hadde telegrafisk kontakt med keisarskipet og ved eit avtalt møte vart gjerne invitasjonen slege opp på ei oppslagstavle slik at alle kunne sjå.

Keisar Wilhelm II sitt skip "Hohenzolleren" i Esefjorden. Eigar: Fylkesarkivet

Tyske Richard Pflaum drog i 1901 på ei sjøreise til Norge og Svalbard med Auguste Victoria. Han skriv at dei møtte ”Hohenzollern” utanfor Lærdalsøren og ankra opp side om side med keisarskipet og torpedobåtane Niobe og Sleipner. Om ettermiddagen fekk passasjerane omvising i keisarskipet. Keisaren sjølv, i kvit dress og hua til den keisarlege yachtklubben, opphaldt seg på promenadedekket der han slo av ein prat med passasjerane. Om kvelden vart det arrangert eit ball der også offiserane på Hohenzollern deltok, skriv Richard Pflaum. Sjølv føretrakk han å tilbringe kvelden på Lærdalsøren.

Summen av reiseskildringane, som vart flittig lesne av dei der heime, og omtalen av keisaren sine årlege norgesreiser, var truleg svært god norgesreklame. Når keisaren spaserte rundt i bygdene langs Sognefjorden, var han også med på å kaste glans over bygdene. Beretningane frå dei som hadde vore i Norge skapte igjen forventningar hjå nye reisande. Turistane visste kvar dei skulle reise og kva dei skulle sjå etter. Dermed vart dei gamle reiserutene oppretthaldne. Dette er noko av årsaka til at Balestrand er ein turiststad med lange tradisjonar.

Dersom du vil lesa meir: