2008 Historier frå Botnafjella

Fjellstølen til Grøneng ligg 720 moh. der stien går til Keipen. Stølen har mange namn: Grønengstølen, Mellom Elvane, men den heiter eigentleg Øvre-Botn. I eldre tid var dette ein støl med kyr, men utpå 1900-talet var det berre geitestøl.

Mjølkeseperator av liknande type som vart nytta på Grønengstølen.

Når ein står nede og ser opp mot stølen, må ein undra seg korleis det gjekk an å få fenabeist opp dit. Det greidde dei med å gå med dyra ein omveg, først til Yglebotn, så opp mot Gulleple-nipa. Deretter forbi fjellstølen Gulleple til garden Kvalheim. Vi går forbi denne fjellstølen og vidare oppover og over eit gjel. Ved passering av gjelet er vi nokolunde på høgde med Mellom Elvane og deretter går vi på tvers bort til stølen. Det er eit bra lende nå vi først er oppe. Det var eit sel og ein liten steinfjøs. Ysting og kinning gjekk føre seg i selet. Separatoren for bar dei opp og ned frå stølen til kvar sesong. Den var utført i solid støypejarn og skrudd fast i ein benk. Mjølka vart slått i ein stor bolle på toppen. Under denne var det eit hus med mange metallamellar som var forma som skåler i kvarandre. Med handsveiv førte lamellane til at mjølka roterte svært raskt, og difor kunne ein høyre den karakteristiske duren frå separatoren. Under denne rotasjonen vart den tyngre mjølka trekt utover medan den lettare fløyten vart trekt inn mot sentrum. Bestefar min var den siste som bar separatoren ned frå Grønengstølen. Han døydde nett etterpå - berre godt og vel 50 år gamal. Då var det slutt på krøter, og sidan var det berre geiter.

Vi måtte ned til ca. 500m for å finne eigna ved til ysting, så var det å bera veden på ryggen opp til stølen. Etter at far overtok, laga han taubane med vasskraft. Ved vart sendt opp og ost vart sendt ned - så langt bana rakk. Sidan måtte me bera osten frå taubana og fram til vegen.

Det vart slutt på geiter på Grønengstølen før eg vart vaksi, men eg var mykje med budeia og hjelpte til. Når det lei utpå hausten, var geitene snare til å gå seg skårfaste. Då var eg ofte med far og henta dei oppatt. Eg vart firt ned med tau rundt livet, og eg hadde med meg eitt tau som eg knytte rundt geita. Først vart geita fira opp og deretter var det min tur. Grunnen til at eg vart sendt av garde var nok at geitene var mest van med kvinnfolk. Var det verkeleg farleg, var eg sjølvsagt ikkje med. Eg var aldri redd.

Raset 22.januar 1994 skape eit enormt lufttrykk og raserte skog og bygningar. Foto: Leif Peder Teigen

Skreda tok selet vårt to gonger, men det var eit nokså nytt sel då stølsdrifta tok slutt, men snøtyngda gjorde likevel skade på det. I 1956 sette mannen min (Trygve) og eg i gang med å byggja det oppatt. Det stod til den 22. januar 1994 då det gjekk eit stort snøskred frå området under Keipen. Ei 30–50 m høg snøfonn skapte eit enormt lufttrykk nedover dalen og bles selet av grunnmurane og det nærast forsvann. Gardinene hang på skytebana nede i Esebotn. Seinare fann hjortejegerane hytteboka under ei ufs, attlaten og godt leseleg.

Keipen og fjella rundt er eigna for fjellturar, men elles er dette eit fjellområde som er vanskeleg å kome til. Onkelen min og eg var ein gong på Keipen 17.mai. Veret var praktfullt, og me var begge fjellvande og lette på foten. Det gjekk radig oppover og etter to timar var me på toppen (1399 m.o.h.). Leif hadde laga oss kvar sin stav av hassel – litt kraftige. Det låg fast snø ned til ca. 700 m. Med gode gamaldagse beksaumstøvlar sigla me og streka med stavane. Det gjekk fort føre seg, og vips – etter 35 minuttar stod me ved syklane våre nede i Esebotn kl. 12.30. Så sykla vi til Grøneng, åt middag, hadde på oss finstasen og rodde til Holmen og var med på 17. mai-feiringa.

Før ein fekk turistkontor og informasjon var fjella farlege å ferdast i, og det hende ikkje sjeldan at utlendingar gjekk seg faste.

Eg hugsar ein gong at ein engelsk familie med born for av garde. Borna ville snu, men faren ville lenger. Mora og ungane snudde. Familiefaren gjekk vidare og kom ikkje att om kvelden. Denne mannen hadde sukkersjuke og kona var redd for han. Mannen min, bror min og eg reiste for å leite. Det vart mørkt, me ropa og svinga lyktene att og fram og gjekk langt oppover i Krokane (på veg til Keipen). Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon etter engelskmannen. Han vart funnen omkomen ut på føremiddagen dagen etter. Han hadde ramla utfor Gulleple-nipa.

Ein annan gong – det var seint om hausten – hadde nokon sett eit bål eit stykke oppe i fjellsida. Marie og Ivar Hjelseng og eg reiste oppover med kvar vår lykt. Me trudde sjølvsagt at einkvan var i yttarste naud. Då me kom opp til bålet, var det ein flokk engelske ungdomar som hadde det veldig kjekt. Marie gav dei ei god skrape på godt sognemål. Bodskapen var tydeleg og ikkje til å misforstå, trass i at ungdomane ikkje kunne eit einaste norsk ord. No hadde det vorte midtnatt.

Eg var kyrebudeie i 14 år nede i Esebotn. Det var lite utfordringar, men likevel minnest eg desse åra som ei kjekk tid.

Vinterbilete. Keipen i himmelsynet oppe til venstre. Skogvakst og bratt område til høgre er Vikjaslåtta. I eldre tider vart der her slått og lauva. Nede til venstre er Malarbakkane som er eit svært bratt terreng. Foto : Helge Pedersen

Eg trur at eg fekk ei verdfull ballast i livet av å vandra i desse fjella. Vi vart oppdregne til varsemd og respekt for naturen. Eg tenkjer attende på desse opplevingane med glede, same kor strevsamt det stundom var. Ofte måtte eg vabba i djup snø. Kjekt var det ikkje når me var på leit og fann dyr som hadde fare ille, eller ikkje vart funne. Eg er glad i Botnafjella – bortsett frå Yglebotten – desse fjella ser eg kvar dag.