Keipen

Frå parkeringa i Esebotn går ein over vegbrua til startpunktet, og så følger ein traktorvegen opp langs austre del av elvekanten. Her nede finn ein kulturminne etter det storstilte arbeidet bonden Lars Gjerde og seinare sonen Anders Gjerde gjorde i tida 1880–1930. Her var geitefjøs med eige ysteri, og den store flata i dalen var dyrka opp med store steinmurar lagt i ytterkant.

Stien opp til Dalen har moderat vanskegrad. For å komme vidare må ein over elva. Det vert lagt ut ei bru kvart år etter snøsmeltinga. NB! Elvefaret vert fylt med snøsskred kvar vinter og kan vere farleg å passere før snøen smeltar i mai/juni.

Etter elvepasseringa kjem ein opp i det mektige dalføret Ygledalen. Her følger ein fyrste del av ein hellelagt buferdsveg til Langedalen, bygd på 1880-talet. Og like før ein tek av opp mot Keipen ligg Tallsteinen med inngravert årstal «1885», eit vitne frå bonde Lars Gjerde sitt arbeid i området. På Gulleplestølen vitnar gamle steinmurar om stølslivet her oppe.

Frå Ygledalen og vidare opp mot Keipen er det i tida 2016–2018 opprusta og opparbeidd ny sti, både med lokal dugnadsgjeng og med sherpaer. I Uri under Gulleplenipa har sherpaene bygd om lag 1000 meter med steintrapper i eit område som tidlegare har vore ei uframkommeleg ur.

Gulleplenipa (1100 moh.) er ein topp midt i dette fjellandskapet, og eit fint mål for dei som ikkje ønskjer å gå heilt opp til Keipen. Her er dagsturhytta Dagbu under bygging, planlagt ferdig hausten 2021.

Før sjølve fjellryggen ut mot Keipen ligg Bjørnabreen på ca. 1420 moh., som er trygg å gå på så lenge ein følger merkinga. Til tider kan det vere rein is på breen. Då bør ein ikkje gå over utan broddar eller stavar med stålspiss. Frå Bjørnabeen kan ein òg gå vidare ned til Dalsdalen.

English

From the parking lot in Esebotn you walk over the bridge to the trailhead and follow the unpaved road along the river. Here you’ll find the remains of the impressive work done by the farmer Lars Gjerde, and later his son Anders Gjerde, in the years 1880–1930. There was a goat barn here with its own dairy, and the flat area in the valley was cultivated, with large stone walls along the edges.

The trail to Dalen is graded as moderate. To continue further you must cross the river, where a bridge is put out each year after the snow has melted. Be aware that the river is filled up by yearly avalanches that can make crossing dangerous until May or June, when the snow has melted.

After crossing the river you come to the mighty valley Ygledalen. Here you follow the first part of a stone-paved trail used for bringing livestock to pasture in Langedalen. It was made in the 1880s, and just before you turn off towards Keipen, you pass the stone Tallsteinen, with the year 1885 engraved in it, a relic of Lars Gjerde’s work in the area. At Gulleplestølen you can find the stone foundations of an abandoned summer farm.

From 2016–2018 the trail from Ygledalen up towards Keipen was improved and a new route was made by local volunteers and sherpas. The sherpas built stone steps going about 1,000 meters through the scree Uri, under Gulleplenipa, an area that was previously impassable.

Gulleplenipa (1,100 meters above sea level) is a peak in the middle of this mountain landscape, and a nice destination for those not wanting to walk all the way to Keipen. Here, the daytrip cabin Dagbu is under construction, planned to be completed in the autumn of 2021.

Before the mountain ridge that leads to Keipen lies the glacier Bjørnabreen, about 1,420 meters above sea level. It’s safe to cross as long as you follow the markings. At times there is ice at the surface, and then it should not be crossed without cleats or steel-tipped poles. From Bjørnabreen you can also continue down towards Dalsdalen.