Frå skirenn til landevegsløp

Løpet er på 8.5 km og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å kome til startplassen på Tjugum tek du skyssbåt frå Holmen (sentrum) til Tjugum. Start ved Tjugum kyrkje og mål er ved festplassen ”Balahaugen” ca. 1 km frå sentrum.

I 1980 var Esefjorden Rundt for første gong arrangert som landevegs- og mosjonsløp. Men i 1931 vart arrangementet gjennomført, men då som skirenn med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå Leikanger vann første rennet på tida 43.38 minutt, men i 1947 sette Lars L. Ese ny løyperekord med tida 31 minutt. Lars L. Ese er mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Løypa gjekk etter bygdevegen rundt fjorden med start om lag på same staden som i dag. Målområdet var i Holmen der Holmatunet står i dag.

På grunn av at vegen vart brøytt med bil, vart det etter kvart store problem med å skipa til rennet. År om anna vart det rett nok teke opp att, mellom anna i 1954 som eit jubileumsrenn (idrettslaget var 25 år). Siste året vi finn noko om skirennet ”Esefjorden Rundt” er i 1956. Men det skulle gå 20 år før ”Esefjorden Rundt” vart sett på plakaten att, men no som landevegsløp. Frå 1976 og utover vart det eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé i 1980.

Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla seg til ein stor folkefest med over 900 deltakarar. Over halvparten er under 16 år.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 m.o.h. Vegen rundt Esefjorden er ein av dei nasjonale turistvegane. Vi hevdar difor at Esefjorden Rundt er verdas flottaste landevegsløp. Nasjonal turistveg Gaularfjellet går mellom Balestrand - Moskog og mellom Sande - Eldalsosen og er 114 km lang (veg 55/613/610).

Balestrand idrettslag i legg vekt på å skape eit arrangement for alle – både når det gjeld innhald, fysisk form og alder. Dei siste åra har vi hatt ein spørjekonkurranse for trimmarane. Det er plassert ut fire postar rundt fjorden. Her får du m.a. teste dei lokale kunnskapane dine. Når det gjeld premiering, freistar vi å halde ein høg standard. På Esefjorden Rundt si heimeside kan du mellom anna sjå kor mange gonger du har gått eller sprunge rundt fjorden.

Kvart år stiller ein rutinert arrangørstab opp og gjer ein kjempejobb. For at eit såpass stort arrangementet skal framstå slik vi ynskjer, er vi heilt avhenging av at alle tek eit tak.

Balestrand Idrettslag takkar sponsorar og annonsørar som på ulike måtar støttar Esefjorden Rundt. Hovudsponsorar for Balestrand Idrettslag er Sparebanken Sogn og Fjordane og Sognekraft. I tillegg støttar lokale annonsørar kvart år Esefjorden Rundt i form av annonsar og premiar. Både hovudsponsorare og dei lokale annonsørane er viktige for at vi kvart år klarer å gjennomføre Esefjorden Rundt slik vi ønskjer, det vil seie ein skikkeleg folkefest rundt fjorden og på Balesletta 1. mai.

God tur rundt Esefjorden!

Løyperekordar