Balestrand idrettslag ønskjer velkomen til det 43. Esefjorden Rundt onsdag 1. mai 2024


Historia til Esefjorden Rundt starta i 1931, men då som eit skirenn. I 2019 vart løpet arrangert for 40. gong med dagens trase. På grunn av pandemi vart Esefjorden Rundt avlyst i 2020 og 2021, og i år arrangerer vi for 43. gong. Vi legg vekt på å skape eit arrangement for alle – både når det gjeld innhald, fysisk form og alder. Kvart år stiller ein rutinert arrangørstab opp og gjer ein kjempejobb. For at eit såpass stort arrangementet skal framstå slik vi ynskjer, er vi heilt avhengig av at alle tek eit tak. Hovudsponsorar og lokale annonsørar er også viktige og støttar Esefjorden Rundt på ulike måtar.

Undervegs har vi lagt vekt på å utvikle løpet både for dei som spring på tid og dei som mosjonerer rundt fjorden.

- Tidtakinga vart tidlegare gjort med stoppeklokke og papir. No vert denne gjort elektronisk både med mellomtider (3) og resultat. Alt formidla direkte på Internett.
- Vi registrerer alle deltakarane i ein eigen database der desse kan sjå når (år) du har delteke på Esefjorden Rundt, anten som konkurrent eller som trimmar. Det er flotte premiar utifrå tal år.
- Årleg spørjekonkurranse plassert på fire postar langs løypa og tilpassa alder, har vore ein populær aktivitet langs løypa.
- I 2023 vart stafett for idrettslag og bedrift arrangert som ny konkurranse-aktivitet.
- Kvart år vert det trykt eit eige programhefte som inneheld helsingar og artikkel med tema knytt til Esefjorden.


Dersom du vil delta som trimmar, finn du meir informasjon

Dersom du vil delta i konkurranse, finn du meir informasjon

Esefjorden Rundt 2023

I 2023 vart det registrert 496 rundt fjorden: 455 trim, 35 i individuell konkurranse og 6 i 2 stafettlag.

Mediaomtale Esefjorden Rundt 2023
-- Kondis med reportasje frå Esefjorden Rundt
-- Sogn Avis om Esefjorden Rundt (krev abonnement): "Nåde dei som tek steinane våre, for der skal me sitja å kosa oss"


Vi ønskjer velkomen til Esefjorden Rundt 2024 onsdag 1. mai.





Helsing Esefjorden Rundt